Hopp til innhold

Til saman selde dei 1,2 millionar liter øl i fjor

– Ting går som det skal, strålar sjefsbryggar Evan Lewis etter nok eit rekordår for Ægir Bryggeri. Det gjer det også for Kinn Bryggeri i Florø.

Espen Lothe og Evan William Lewis

NØGDE: Espen Lothe og Evan Lewis (t.h.) sine to bryggeri selde øl for til saman 42 millionar kroner i fjor.

Foto: Montasje

2014 vart eit godt år for dei to bryggeria. Slår ein tala saman sat dei att med eit overskot på vel åtte millionar kroner.

Samla selde dei 1,2 millionar liter øl og omsette for vel 40 millionar kroner.

– Folk blir meir merksame og nyfikne, og vil prøver ut handverksølet. Det er nok ein del som har bytt ut vinflaska på laurdagskvelden med eit sterkt handverksøl, seier Espen Lothe hos Kinn Bryggeri.

Trur på framleis vekst

Åleine selde bryggeriet i kystbyen 450 000 liter øl og omsette for 18,4 millionar kroner. Det gav dei eit resultat etter skatt på 2,6 millionar kroner.

Kinn Bryggeri

HEKTISK: Espen Lothe hos Kinn Bryggeri i Florø merkar at interessa for norsk handverksøl er veksande.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Både omsetnad og produksjon er ein dobling i høve 2013, så vi er godt nøgde med 2014, seier Lothe og meiner veksten vil halde fram i år. Om ikkje prosentmessig, så i alle fall i liter.

– Vi har lukkast veldig godt med satsinga mot Vinmonopolet og får eit nytt produkt i basissortimentet deira. I tillegg har vi fått inn både påske- og sommarøl, samt at vi i sommar lanserer eit nytt produkt, seier han.

Rekord for Ægir

– I tillegg har vi lukkast mot restaurantbransjen, i daglegvarehandelen og så har vi litt eksport til Sverige og Finland, legg han til.

I Flåm set dei att med 5,6 millionar kroner i overskot frå omsetnaden på 24 millionar kroner. Det er ei dobling i høve 2012. I alt selde Ægir like under 800.000 liter i fjor. Også her er det ny rekord.

Ægir Bryggeri og pub i Flåm

REKORD: Ægir Bryggeri leverte nok eit rekordår, både i omsetnad, resultat og sal.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

– Vi merkar at etterspurnaden etter skikkeleg handverksøl aukar. Folk får stadig vekk augo opp for spennande ølsortar, som både vi og andre småbryggeri lagar. Det er veldig spennande tider, og veldig kjekt å vere med, seier sjefsbryggar Evan Lewis.

Ægir på boks

Lothe trur at lokalprodusert øl vil halde fram å vekse, og trur det kan ta ein større del av den totale marknaden. For handverksøl er i vinden som aldri før.

– Ølomsetnaden ligg stabilt, og norsk handverksøl har kring fire prosent av marknaden. Eg trur den på sikt kan vekse til åtte prosent, seier han.

I Flåm er Lewis glad over utviklinga. Nyleg vann dei fire prisar under verdas største ølbryggingskonkurranse i Australia. Gode resultat går tilbake til vidareutvikling og bryggeriet har allereie planar om ekspansjon. Både meir eksport og øl på boks.

– Det er særskilt kjekt at det går bra og i ein fase der vi ser marknaden er i endring og stor vekst. Vi må henge med og då er det kjekt å ha litt i ryggen for å kunne investere, seier han.