Hopp til innhold

Fjord1 sel resten av bussverksemda for 105 millionar kroner

Fjord1 har bestemt seg for å selje resten av bussverksemda si til Nettbuss. Prisen er sett til 105,7 millionar kroner.

Konsernsjef Leif Øverland i Fjord1 saman med adm. dir. Arne Veggeland i Nettbuss.

GODT NØGDE: Arve Veggeland i Nettbuss og Leif Øverland i Fjord1 var godt nøgde då Nettbuss kjøpte seg inn i Fjord1. No har Nettbuss kjøpt heile bussverksemda.

Foto: Bård Siem / NRK

I ei pressemelding frå Fjord1 går det fram at NSB-eigde Nettbuss no overtek alt som var att av Fjord1 sine bussruter.

Salet omfattar selskapa Fjord1 Buss Møre AS, Nettbuss Nordfjord-Ottadalen AS og Nettbuss Sogn Billag AS, samt aksjeposten på 34 prosent i Nettbuss Ekspress AS.

Reint sjøselskap

Nettbuss overtok 2. januar i år 51 prosent av aksjane i dei 3 førstnemnde selskapa og vil dermed bli hundre prosent eigar. Fjord1 blir med dette salet eit reindyrka sjøselskap. Til saman har Fjord1 fått om lag 200 millionar kroner for bussdelen sin.

– For å styrke vår satsing på sjøsida vel vi å gå heilt ut av landbasert kollektivtrafikk. Som det mest veldrivne busselskapet i Norge er Nettbuss klart beste kjøpar i denne samanhengen, og bussverksemda er såleis i dei beste hender, seier Leif Øverland, administrerande direktør i Fjord1 i pressemeldinga.

– Tøff konkurranse framover

Han seier det har skjedd ei modning i Fjord1 dei siste par åra når det gjeld bussdelen av selskapet.

– Det er veldig store endringar på buss i Norge, for berre to år sidan var 30 prosent ute på anbod, no er det over 50 prosent, og snart er alle bussrutene i Sogn og Fjordane på anbod.

Dermed blir det tøff konkurranse, og Fjord1 vel difor å kaste korta.

– Etter vår vurdering er det ikkje mogeleg å vere mellomstor på buss, slik vi har vore. Då blir du skvisa ut. Dette gjer vi for å sikre verdiar for Fjord1 og trygge arbeidsplassane.

Stor bussaktør

Nettbuss, som er eit heileigd dotterselskap av NSB, har dei seinaste tiåra bygd seg opp til å verte ein av dei største bussaktørane i Norden, og den største i Noreg.

– Dette kjøpet vil utfylle Nettbuss si ruteverksemd på ein fin måte, men også med tanke på den satsinga vi skal i gang med på ekspressbuss, seier Arne Veggeland, konsernsjef i Nettbuss AS i pressemeldinga frå Fjord1.

Han syner til at selskapa allereie er godt i gang med å bli ein del av Nettbuss-familien, og at dei fleste bussane no har fått Nettbuss-logo og sjåførane ny uniform.

– Nettbuss ein skikkeleg eigar

Leiv Øverland i Fjord1 seier at dei tilsette i den tidlegare bussdrifta i Fjord1 har fått ein god arbeidsgjevar.

– Dei får same løna og same pensjonen. Nettbuss er ein veldig skikkeleg eigar, og selskapet er i ferd med å bli det største i Norden. Dei har vist at dei har både musklar og evner til å tilpasse seg den nye konkurransesituasjonen med anbod.

– Det blir spennande tider, og eg ynskjer både Sogn Billag og Nordfjord-Ottadalen lukke til, seier administrerande direktør Leiv Øverland i Fjord1.