Hopp til innhold

Sel oppdrettsdykkarfirma i Vågsøy

Landet største oppdrettsdykkarfirma, West Dykkerservice i Vågsøy, er no til sals.

Navekvien

TIL SALS: West Dykkerservice i Vågsøy er lagt ut for sal.

Foto: NRK

Selskapet omset for 100 millionar og har 70 tilsette langs kysten, melder nett.no.

Eigar Per Kåre Navekvien frå Nordfjordeid seier han ønskjer å få meir kapitalsterka aktørar inn slik at selskapet kan vekse vidare. Men han håpar at dei lokale arbeidsplassane blir verande.

– Vi vurderer å få inn nye krefter og ny kapital i selskapet, seier Navekvien.

– Ei krevjande bedrift

Han fortel at dykkarfirmaet har blitt ei ganske kapitalkrevjande bedrift.

– Kundane våre krevjer det nyaste og beste utstyret, og vi må heile tida utvikle oss. No har eg drive med dette og dykking i 25 år, og det er kanskje på tide å begynne å sjå avgrensingane sine, seier bedriftseigaren.

Navevkien

VIL HA NYE KREFTER: Eigar av bedrifta, Per Kåre Navekvien, håpar arbeidsplassane ikkje forsvinn når nye eigarar overtek bedrifta.

Foto: NRK

Bedrifta starta opp i 1991, og har sidan då blitt større og større. I dag er det landets største oppdrettsdykkarfirma.

–Vi begynte med to tomme nevar, så det har vore ei ganske kraftig utvikling, og det hadde vi hadde aldri klart utan så gode medarbeidarar, fortel Navekvien.

Har fått bod

Sjølv om det no går mot sal, har han ikkje hastverk med å seld bedrifta.

– Vi har hatt samtalar med nokon, og fått eit bod med nokon andre, men det er ingenting som er bestemt, og det er ingenting som er så seriøst endå at vi har kome til skikkelege forhandlingar. Eg har ingen hast. Selskapet går godt slik det gjer i dag, og eg har dyktige medarbeidarar som styrer heile selskapet, seier han.

Ønskjer å bevare arbeidsplassane

West Dykkerservice har gjeve arbeidsplassar til mange langs kysten i Sogn og Fjordane og i Møre og Romsdal. Navekvien ser helst at arbeidsplassane blir verande der dei er.

– Eg kan aldri garantere for kva ny eigar vil gjere med tida, men eg vil prøve å behalde arbeidsplassane i Vågsøy, Sogn og Fjordane og i Møre og Romsdal. Eg vil ikkje sjå noko vi har bygd frå ingenting gå til spele fordi at nokon skal plukke det frå kvarandre og flytte det herifra, seier han.

Han meiner suksessbedrifta framleis har vekstpotensiale.

– Det viktigaste for meg er å bevare arbeidsplassane og prøve å utvikle selskapet. For potensialet til å utvikle dette selskapet til å bli mykje større enn i dag, det finst. Så det er ingen problem å utvikle seg, både sørover og nordover.