Hopp til innhold

Sel mindre brus

Brussalet til Lerum har gått ned med 25 prosent så langt i år. Kundane vel vatn i staden.

Brusproduksjon på Lerum fabrikker
Foto: NRK

Logistikkdirektør Jan Audun Larsen seier det er alvorleg at brusomsetnaden går så mykje ned fordi brussalet utgjer ein tredel av produksjonen til Lerum.

Kundane vel bort brus til fordel for vatn og anna sukkerfri drikke. Per i dag sel Lerum lite vatn og verksemda taper dermed terreng på leskedrikk-marknaden.

- Eventyrlege tilstandar

Larsen seier at det er viktig for Lerum å halde seg orientert på vass-marknaden, men han ynskjer ikkje å seie om Lerum kjem til å satse meir på vatn i framtida. 

- Vatn er eit området som har hatt ein stor auke. Etablerte merke som Olden og Imsdal har opplevd eventyrlege tilstandar i sommar.

Lerum er omgitt av både brear og friskt vatn. Kanskje er det nokon som ventar at også Lerum skal satse på vatn?

- Olden profilerer seg på den måten, og dei har jo hatt suksess, seier Larsen.

Men ifølge Larsen blir det ikkje noko umiddelbar storsatsing på vatn i Lerum. Verksemda skal no gjere alt dei kan for å få brusomsetnaden opp igjen.