Sel kveite på Harrods

Kveite frå Ortnevik blir seld på det eksklusive varemagasinet Harrods i London, skriv avisa Ytre Sogn. Kiloprisen ligg på rundt 1000 kroner.

– Sjølv om vi snakkar om eit avgrensa volum, så har det stor betydning at Harrods har valt å ta inn produktet vårt, seier Ole Kristian Hess-Erga i Sogn Aqua.

Kveite under vann
Foto: Nils Arne Sæbø / NRK