Det var stor trafikk austfrå og svært vanskelege køyretilhøve på riksveg 52 over Hemsedalsfjellet. Samstundes var E 16 stengd i ein periode mellom Fagernes og Tyinkrysset, så ei stund var det heilt stengt mellom aust og vest, seier vaktoperatør ved vegtrafikksentralen i Lærdal, Kjetil Molvær.
Vanskelege køyreforhold
- Vi veit ikkje kor mange som stod i kø, for det var så dårleg ver at det var vanskeleg å sjå kor lang køen var. Det var svært vanskelege køyreforhold då fjellet vart stengt klokka 22.25, seier Molvær.
Fortvila bilistar
Det vart opna for kolonnekøyring klokka halv eitt i natt. Molvær seier at dei fekk mange telefonar frå fortvila bilistar som lurte på kva dei skulle gjere.
Ei stund var det òg stengt på E 16 mellom Fagernes og Tyinkrysset, slik at det ikkje var hjelp i å køyre om Filefjellet.