– Eit barn på fem år skal vere sendt til lege for kontroll etter trafikkuhellet, opplyser Inge Værøy hjå politiet sin operasjonssentral. Ingen av dei andre personane skal vere skadd.
Politiet fekk melding like etter klokka 16 om at to bilar hadde kollidert mellom Kjøs Bru og Hornindal på fylkesveg 60.
Ein bilist NRK har snakka med opplyser at det er dårlege køyreforhold på staden.
Til saman seks personar er involvert i uhellet, opplyser politiet.
Ein ambulanse vart sendt til staden for kontroll. Bilberging vart også varsla.