- Dette er det største som har skjedd i idrettskrinsen si historie, bårde når det gjeld storleiken på avtalen, men også når vi ser på utviklingspotensialet i den, seier idrettssjef Odd Bjarne Solheim i idrettskrinsen.
Det vert no tilsett ein eigen prosjektansvarleg som får ansvar for å styrke kunnskapen om trening i utvalde klubbar.
I dag var prosjektet TOPP-idrettsutvikling for ungdom 16-19 år presentert i Sogndal. Pengane stiller Sparebanken Sogn og Fjordane med, medan idrettskrinsen tek seg av det praktiske.
Høyr:
Lokal oppfølging
Prosjektet skal gjennom lokal oppfølging vere med på å styrke aktivitets- og kunnskapsutviklinga i idretten i Sogn og Fjordane. Målet er at idrettsungdom og klubbar skal få høve til å utvikle seg i kompetente fagmiljø i fylket.
Skal bruke Idrettssenteret
Klubbar med lovande utøvarar i aldersgruppa 16-19 år som har ein vidaregåande skule i nærleiken vil få tilbod om jamleg tilgang på ny kunnskap om trening og idrett. Dette vil vere kunnskap på generell basis som styrketrening, spenst, uthald, motorikk, kost, motivasjon og liknande. Denne kunnskapen er det Idrettssentert i Sogndal som skal stå for. Ein tilsett prosjektleiar vil vere den som samordnar dette arbeidet og syter for at kunnskapen kjem utøvarane og klubbane til gode, opplyser idrettskrinsen i ei pressemelding.
Tre klubbar
Prosjektet skal inngå i eit samarbeid med tre klubbar hausten 2008, der Nordfjord, Sunnfjord og Sogn er representert. Det er eit mål å auke omfanget med ein til to klubbar kvart år framover. Val av klubbar vil skje i samråd med idrettskrinsen og kvar enkelt særkrins.