Hopp til innhold

Seier nei til turistprosjekt

Tre kommunar seier nei til prosjekt som skal marknadsføre Gaularfjellsvegen.

Gaularfjellet
Foto: Merete Husmo Høidal / NRK

Nasjonal Turistveg-prosjektet ville sponse ei prosjektstilling med fleire hundretusen kroner som skulle marknadsføre turistvegen over Gaularfjellet.

Men verken Gaular, Førde eller Balestrand kommunar hadde midlar til spleiselaget, som ville ha kosta 100 000 kvar.

Skrinlagd prosjekt

Reisemålsjef i Sunnfjord, Tom Farsund er skuffa.

- Her la jo Turistvegprosjektet pengar på bordet, og utfordra kommunane til å være med på det. Det fekk vi ikkje midlar til, og vi har ikkje pengar innanfor dei ordinære budsjetta, fortel Farsund.

- Sikrar busetnaden

Administrerande direktør Kristian Jørgensen i reisemålsselskapet Fjord Norge meiner det er feil av kommunane å ikkje bruke pengar på denne typen reiselivssatsingar.

- Vi ser fleire stader at reiselivet er ein føresetnad for auka busetnad i kommunar langs kysten. Det gjer området til ein betre stad å bu, og kommunane betre grunnlag for fleire arbeidsplassar, inntekter og betre økonomi, seier Jørgensen.

Har ikkje 100 000

Ordførar Nils Gjerland i Førde seier dei ikkje fann pengar til prosjektet i den skrapa kommunekassa.

- Vi bruka pengane der dei kjem best til nytte, og akkurat pengar til dette prosjektet kunne vi ikkje prioritere når det og ligg andre prosjekter på vent.