Seier nei til flyseteavgift
Eit samrøystes fylkesårsmøte i Frp Sogn og Fjordane krev at flyseteavgifta ikkje blir innført i Norge. Dei ber si eiga regjering om å vrake avgifta som dei meiner vil få negative konsekvensar. Forslaget om ei avgift på 80 kroner per passasjer på utvalte ruter er sendt på høyring av Finansdepartementet. Den er tenkt innført frå 1. april i år.