Hopp til innhold

Seier ja til fylkets største handelspark

FØRDE (NRK): Det vert stor handelspark på Brulandsvellene i Førde. I bystyret røysta sju mot forslaget som har møtt massiv kritikk lenge.

Votering om handelspark

SA JA: Førde bystyret sa ja til handelspark på Brulandsvellene. Sju røysta for Sp sitt forslag om å ikkje opne for storhandel.

Dermed kan planane om å byggje fylkets største handelspark aust for Førde sentrum verte ein realitet. Dagens vedtak i Førde bystyre inneber at eit område på inntil 75 dekar vert sett av til handelsføremål.

Området ligg på nabotomta til Coop Extra. Bystyret har stilt fleire krav til kva for butikkar som får lov å etablere seg der. Eitt av krava er at butikkane må vere på minst 1500 kvadratmeter og berre ha ein inngang.

  • Sjå innslag i Vestlandsrevyen om saka:
    Sier ja til omstridt handelspark

Dei sju som røysta mot var tre representantar frå SV, tre frå Senterpartiet og gruppeleiar Christina Kvamme frå Høgre.

Olve Grotle

- GODT VEDTAK: Ordførar Olve Grotle (H).

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

Fornøgd ordførar

– Vedtaket var som venta, og eg trur det er godt. Det er eit vedtak som både ivaretar sentrum og handelen der, samstundes som vi opnar for storhandelen på Brulandsvellene som vi alle trur er viktig for regionen og Førde, seier ordførar Olve Grotle (H).

Det har lenge vore diskusjon om kva som skal skje på området. Fleire har teke sterkt til orde for at ei utbygging vil vere den sikre død for butikkane i sentrum av Førde.

– Vi hadde ein debatt som var veldig god og sakleg, og eg trur alle fekk sagt det dei ville, seier ordføraren.

Han var ikkje overraska over at den eine høgrerepresentanten røysta mot vedtaket.

– Ho har heile tida markert eit anna syn i saka, det har ho vore open og ærleg på. Men ho har ikkje røysta mot handelen på Brulandsvellene, men ho hadde eit litt anna syn, seier Grotle.

Iris Loftheim

SKUFFA: Iris Loftheim (Sp).

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

– Skuffa og vonbroten

Gruppeleiar Iris Loftheim i Senterpartiet er vonbroten.

– Eg synest det er trist og eg er skuffa, men det gjekk den vegen. Men vi fekk avgrensa området til det halve, og i tillegg har vi fått området delt i to. Vi ville ha ei strengare tolking når dette var eit faktum, men det fekk vi ikkje fleirtal for. I praksis blir det no all slags typar handel, seier Loftheim.

Ordføraren har argumenterte i debatten om ei funksjonsdeling mellom småhandel i sentrum og storhandel på handelsområdet i Brulandsvellene.

– Eg trur ikkje det er mogeleg å få til. Det er litt "Ole Brumm-haldning". Alle rapportar viser at sentrum blir utarma og det synest vi er trist, seier Loftheim.

– Førde sentrum kjem til å li

Trist var og gruppeleiaren til Høgre, Christina Kvamme. Ho var den einaste Høgre-representanten som røyst imot handelsparken.

– Eg er trist på vegner av Førde sentrum, som eg trur kjem til å li.

Det å røyste imot sitt eige parti og ordførar ser ho på som heilt uproblematisk.

– Vi er ei raus gruppe, så det har ikkje vore noko problem. Men eg saknar debatt om kva det eigentleg burde dreie seg om, og det er Førde som by. Problemet er rekkefylgja i det som skjer. Vi treng eit sentrum vi kan vere stolte av om vi skal vere regionsenter.