Hopp til innhold

Scora sitt første ekte hat trick

"He's on fire" skildrar best Fjøra-spelar Frode Kvam sine første 45 minutt av 3. divisjonsoppgjeret mot Florø.

Frode Kvam (Fjøra) og Jaran T. Vefring (Høyang) i duell.

Frode Kvam herja med Florø. Her frå førre sesong han var i Fjøra-drakta, i 2007.

Foto: Oddleif Løset / NRK

- Tja, det var deilig det. Det var godt at det endeleg lausna. Det har vore ein del stang ut i det siste, seier 30-åringen etter 5-0 sigeren over bruntrøyene frå kystbyen .

Tre mål og målgjevande

For Frode Kvam stod i sentrum av det meste som skjedde i første omgang. Først med målgjevande pasning og vidare med ekte hat trick - tre mål på rad i ein og same omgang. Ti minutt før slutt vart han riven ned av Florøs Anders Veiebust. Veiebust måtte ta ein tidleg dusj, medan Ole Marius Anhanger Solberg brende straffen.

- Det hjelpte utruleg på sjølvtilliten med ein siger som dette. Vi har vore langt nede. Det har vore tungt for oss, seier Kvam og vedgår det gjorde godt med tre mål.

Første ekte hat trick

- Eg scora hattrick i fjor med Strondi og for to år sidan med Fjøra, men eg trur det er første gang eg scorar ekte hattrick, held Fjørda-spissen fram. I andre omgang kunne han sett inn sitt fjerde mål åleine med keeper.

- Det var ikkje så tungt då eg bomma. Det hadde vore verre om det stod 0-0, seier han.

- Utruleg morosamt

Kvam som er attende i fjøratrøya etter ein sesong med Veitastrond i 5. divisjon, er no oppe i sju scoringar så langt i år. Dermed gjorde han eit godt kliv i statistikken over toppscorarane i divisjonen. Førebels blir den toppa av Årdal-spelaren Preben Strypet (10 mål).

- Nokre dagar klaffar alt du prøver på, men eg hadde ikkje tru på det før kampen. Torsdagskamp, nett ferdig på jobb og skal til å spele kamp. Men plutseleg stemmer alt og då går det meste inn. Då er det utruleg morosamt å spele fotball, seier han.

Kunne blitt meir

Før kampen stod Fjøra seks kampar på rad utan siger. Florø derimot hadde fire poeng på to kampar. Spelet i Sognahallen gjekk i stor grad mot gjestene sitt mål. Laga tjvustarta den niende serierunda.

- Vi fekk 3-0 og dei ein spelar utvist, då roa vi litt ned. Vi kunne nok scora mykje meir. Det var mange som hadde sjansar, men det vart med fem mål. Vi hadde ein god dag. Det hadde ikkje dei, seier han.

- Håper det snur

Fjøra er førebels på åttande plass på tabellen. Kvam vedgår at dei har prestert under pari med berre ein siger, fire uavgjort og tre tap før oppgjeret mot Florø.

- Hadde vi visst kvifor. Det har vore ein del stang ut. Vi har kanskje hatt litt utur og gjerne ikkje fungert heilt som eit lag. Det er blanding av rutinerte og unge spelarar. Vi får håpe det snur no att, avsluttar Kvam.

Florø er mellom fire lag som no har skilt seg ut i botnen. I helga passerte dei Jølster, men etter stortapet i Sognahallen er jølstringane på nytt framfor med betre målskilnad.