Hopp til innhold

Sauebonde sikta for ulovleg skyting

Mannen som er sikta for å ha skote bjørnen i Jostedalen, brukte eit 6,5 kaliber skarpskyttargevær og heilmantel ammunisjon.

Krundalen

Ammunisjonen er ikkje lovleg å bruke på jakt, og gjer liten skade dersom det ikkje treff vitale organ. Dette kan bety at bjørnen ikkje er hardt skadd.

Den sikta har ikkje jaktløyve, og våpenet er registrert på eit familiemedlem. Mannen som skal ha skote bjørnen er sikta for å ha brote Viltlova.

- I nødverje

Mannen har forklart at han skaut i nødverje. Han var for å sjå etter sauene sine då han kjende seg truga til å skyte. Den sikta mannen er sauebonde, og har sjølv hatt dyr som har vorte tekne av bjørnen. Han sit i dag i nye avhøyr.

Ekspanderande prosjektil

Ingebrigt Stensås, seksjonssjef i direktoratet for naturforvaltning, seier at til all jakt i Norge med rifle er det påbode med ekspanderande prosjektil.

- Heilmantel er forbode, seier han.

- Kva skjer når det vert brukt heilmantel?

- Ei heilmantel-kule er på ein måte eit prosjektil som ikkje endrar form. Det blir eit rundt, lite hol der den går gjennom. Difor er det påbode med ekspanderande prosjektil som utvidar seg, seier han.

Økokrim er no orienterte om denne saka.

Held fram leitinga

Det er framleis ikkje funne nye spor etter bjørn i Jostedalen. To jegerar og hund er i gang med søk i same område som i går. Men det har regna veldig tett, noko som kan øydeleggje spor. Dette kan gjere det vanskeleg for hunden som er avhengig av luktene i spora.  

Det vert også nytta ein metalldetektor for å finne prosjektil, og det vert leita etter håravsetningar i området.

Folkemøte

Mange i Jostedalen er skremde etter det som har skjedd, difor er det planlagt eit folkemøte klokka seks i kveld. Politiet ynskjer å informere for å gjere det litt lettare for folka som bur i Jostedalen no når ingen veit kvar bjørnen er. 

Politi og jeger
Foto: MMSfoto: Synnøve Aasland / NRK