NRK Meny
Normal

Paret fann lukka på ein nedlagd gard - trur mange kunne tenke seg å flytte til noko slikt

Sogn og Fjordane er altfor opptekne av korleis ein skal få utflytta ungdom til å komme heim att. Det meiner eit ungt par som har slått seg ned og kjøpt gard i Hyllestad.

Colin Tattersall og Elisabeth Veivåg Helseth

SATSAR: Elisabeth Veivåg Helseth frå Stord og Colin Tattersall frå Storbritannia valde å satse på ein gard i Hyllestad. Dei meiner fylket og kommunane har for mykje fokus på at folk skal kome heim, i staden for å lokke dei som ikkje har tilknyting til fylket.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

Gardsbruk på Løland i Hyllestad

GARDEN: På Løland nordaust i Hyllestad har fann paret denne nedlagte garden. Pris: Om lag 2 millionar kroner.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

Ingen av dei har røter i Hyllestad, men etter nokre år i gode jobbar i Leikanger, fann Elisabeth Veivåg Helseth frå Stord og Colin Tattersall frå Storbritannia det dei leitte etter.

– Vi var på utkikk ganske lenge, i kanskje to år. Vi leitte mest då vi budde på Leikanger og i Sogndal-området, men så bestemte vi oss plutseleg for å utvide horisonten. Colin hadde veldig lyst å bli i Sogn og Fjordane. Eigentleg eg og, men eg var litt meir open for heile Vestlandet. Men så fann vi denne garden på Finn.no, fortel Veivåg Helseth.

Har mista 117 innbyggjarar

Det er så mykje fokus på at folk må komme heim, men det er jo mange fleire som kan kome utanfrå og inn enn dei som kan heim igjen

Elisabeth Veivåg Helseth

På Løland, ikkje langt frå grensa til Høyanger og Lavikdalen, har paret fylt ein nedlagd gard med liv att. To gjess, nokre ender, ein hane og fleire høner går fritt mellom driftsbygningen og tunet. Og etter kvart har dei også lyst å kjøpe grisar og kyr av typen skotsk høglandsfe.

Helseth og Tattersall representerer motstraumen. Berre sidan 2010 har vesle Hyllestad mista 117 innbyggjarar. Kommune tel no i underkant av 1400 sjeler. Veivåg Helseth meiner ein har feil fokus når ein freistar å gjere noko med fallande innbyggjartal i mange bygder.

– Både for Hyllestad og Sogn og Fjordane så er det veldig stort fokus på fråflytting, men ein bør jo heller fokusere på kjekt det er å bu her, og få det meir fram. Det er jo då folk vil komme. Det er så mykje fokus på at folk må komme heim, men det er jo mange fleire som kan kome utanfrå og inn enn dei som kan heim igjen, seier ho.

(Artikkelen held fram under biletet)

Unge satsar i Hyllestad

SNILLE GJESS: Elisabeth Veivåg Helseth forsikrar om at gjessene er snille, sjølv om fuglane er kjende for å vere hissige.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

Lever ut draumen

Til prisen av ei toroms leilegheit i ein av dei større tettstadane i fylket, fekk dei innmark, utmark, jakt- og fiskerettar og eit gardstun med fire bygningar. Paret har realisert draumen.

– Alt er så lett tilgjengeleg her, som friluftslivsaktivitetar til dømes. Vi kan berre gå rett ned i elva og padle kajakk, bade, dykke, fiske og vi kan gå på fjelltur. Alt er rett rundt oss. Men samstundes, om vi føler for det, kan vi reise på konsert i Bergen eller slikt. Det er berre to timar unna, så vi er ganske nære storbyen også, seier Veivåg Helseth.

Enno har dei inntekter ved sidan av garden. Ho jobbar i fylkeskommunen, han har sitt eige vesle ingeniørfirma. På sikt er målet å leve garden, som dei driv økologisk.

– Garden i seg sjølv er veldig fin, men det eg er mest nøgd med er nabolaget. Vi er veldig nøgde med det vi har funne her, seier han.

– Ikkje nok fokus på tilflyttarar

Joakim Systaddal

MÅ ENDRE FOKUS: Joakim Systaddal leiar Hyllestad kommune sitt omstillingsprosjekt.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

Og det er ikkje berre på denne nedlagde garden at det spirer til liv. Joakim Systaddal som leiar kommunen sitt omstillingsprosjekt ser no at fleire unge no vel å satse i Hyllestad.

– Saman med Bondelaget og Bonde- og Småbrukarlaget drege i gang eit prosjekt der vi prøvar å inspirere til satsing, spesielt retta mot unge som vurderer å ta over. Og det ser ut til å ha verka positivt på fleire.

Systaddal erkjenner at ein i frustrasjonen over fråflytting, ikkje har hatt nok fokus på tilflyttarar.

– Det trur eg vi kan seie at vi ikkje har hatt. Og eg trur vi står føre ein periode der fleire bevisst vel å flytte til plassar som er mindre og som har eit anna verdigrunnlag.

Fleire satsar

På ein heilt annan kant av kommunen, så langt vegen går vest for Rysjedalsvika ferjekai, har også ein annan vald å slå seg til ro og skape liv. 31 år gamle Ole Ivar Sognnes har jobba på Austlandet i fleire år før han kom heim igjen i 2008.

(Artikkelen held fram under biletet)

Unge satsar i Hyllestad

VIL UTVIDE: Paret frå Stord og Storbritannia har planar om å skaffe endå fleire dyr enn det dei har i dag.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

Sognnes som er styremedlem i Hyllestad bondelag gler seg over at han ikkje er den einaste unge som no satsar i Hyllestad.

– Eg som har flytta heim igjen sjølv må seie at det er grådig kjekt å sjå at det kjem opp nye hus rundt, og at det også skjer andre stader i kommunen.

Her blir dei verande

Ole Ivar Sognnes

HAR TATT OVER: 31 år gamle Ole Ivar Sognnes er ein av fleire unge i Hyllestad som satsar på ei framtid i fråflyttingskommunen.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

Og sjølv har han ingen planar om å flytte igjen.

– Når eg har overteke garden, og står i det med begge beina, så er det vel her eg blir, tenkjer eg.

Vi er veldig nøgde med det vi har funne her

Colin Tattersall

Også paret på Løland ser føre seg eit heilt liv i Hyllestad.

– Eg har aldri tenkt å reise vidare. Det er ein veldig kjekk plass, seier Tattersall.

– Vi har tenkt å bli her, det er difor vi er her, seier Veivåg Helseth.