Hopp til innhold

Satsar på breiband og nett i Sunnfjord og Sogn

Breibandselskapet Enivest AS går inn på eigarsida i Årdalsnett AS. Denne samlinga meiner selskapa vil styrke fiber og breibandsatsinga i Sogn og Fjordane.

Nandor Helgheim og Odd Øren

SAMARBEID: Dagleg leiar i Enivest AS, Nandor Helgheim og dagleg leiar i Årdalsnett, Odd Øren.

Foto: Christiane Ulriksen / Enivest

– Vi har gått inn på eigarsida i Årdalsnett fordi vi meiner det er rett å prøve å samle ressursane, seier Nandor Helgheim, som er dagleg leiar i Enivest AS.

Dei to selskapa har sidan 2004 jobba godt saman, mellom anna med større leveransar som selskapa ikkje kunne klare åleine.

– Eg håper og trur Enivest med sin kompetanse og erfaring kan bidra til å vidareutvikle tilbodet i regionen, seier Helgheim.

Kor mykje Enivest måtte ut med for eigarposten på 34 prosent i Årdalsnett vil ikkje Helgheim ut med i dag.

– Prisen vil eg halde for meg sjølv inn til vidare, men vi tur vel at den investeringa vi har gjort og den satsinga som Årdalsnett gjer skal bere frukt i regionen, seier Helgheim.

Har samarbeidd i 13 år

Større bedrifter og landsdekkande kjeder vender seg gjerne til Enivest når dei skal kjøpe datasamband i Sogn og Fjordane. Enivest har invitert med seg Årdalsnett og andre lokale aktørar til å delta i slike leveransar.

– Det nye samarbeidet vil gjere at vi raskare kan gjennomføre dei planane vi har i regionen, seier Odd Øren, som er dagleg leiar i Årdalsnett.

I dag tilbyr Årdalsnett breiband og TV-tenester i Årdal, Lærdal og Filefjell. Når dei no skal samarbeide tettare med Enivest betyr det raskare oppgradering av fibertilbodet i regionen.

– Vi kjem no til å oppgradere til fiber i alle netta våre, seier Øren.

Lokalt eigarskap

– Vi vurderer Enivest som det beste alternativet for å utvikle Årdalsnett vidare, seier Terje Laberg, som er styreleiar i Årdalsnett.

Han peikar blant anna på at Enivest har hovudkontor i fylket og dermed og stor forståing for dei utfordringane distriktskommunar har når det gjeld breiband og stabile og sikre kommunikasjonsløysingar for næringslivet i distrikta.

– Det tillitsfulle samarbeidet som har vore mellom selskapa i mange år, vil vere eit godt fundament for ei offensiv satsing dei komande år, seier Laberg.