Hopp til innhold

Satsar stort på fiske i Florø

Florøbrørne Svein Magne og Kristian Korneliussen har satsa 60 millionar på den nye båten sin, Breivik Junior. Neste veke tek dei i bruk storsatsinga.

Svein Magne (t.h.) og Kristian Korneliussen

FAMILIEBEDRIFT: Brørne Svein Magne og Kristian Korneliussen har drive sjarkfiske i lag i over 20 år.

Foto: Jørn-Arne Tomasgard

– Me byrja med ein liten sjark i 1985, og det har berre blitt større og større, seier Svein Magne Korneliussen.

Brørne frå Florø har gått frå ein sliten sjark i 1985 til ein topp moderne fiskebåt som setjast i drift før jul i år; Breivik Junior.

Breivik Junior ligg til kai ved Westmek på Stadlandet

DYR: Breivik Junior hadde ein pris på 60 millionar kroner. Denne veka låg den til kai ved Westmek på Stadlandet.

Foto: Jørn-Arne Tomasgard

Satsar stort

– Den førre båten me hadde var 18 år gamal, men no var det på tide med noko nytt, seier Korneliussen.

Og nytt blei det. Med ein pris på 60 millionar kroner og eit mannskap på åtte personar er Breivik Junior ei storsatsing for familiebedrifta.

– Me har eigentleg bygt stein på stein, og dette blir resultatet, seier Korneliussen med litt stoltheit i stemma.

Meir effektiv drift

Det nye skipet skal halde fram med fisket ein heil månad i gongen, i kontrast til den førre båten dei hadde, som måtte losse minst ein gong i veka.

– Med fryserom, betre bukomfort for mannskapet og større garnplass blir dette noko heilt nytt, seier Korneliussen.

Brørne har delt broderleg, og skal vere skipper med kvart sitt mannskap på omgang, ein månad på sjøen og ein månad i land. Korneliussen satsar på at Breivik Junior kan bringe inn om lag 180 tonn fisk.

– Men me får sjå etter kvart, seier Korneliussen.

– Ein kan ikkje setje opp eit reknestykke og tru at det skal gå automatisk, for det gjer det ikkje, legg han til.

Messa i Breivik Junior

GOD STEMNING: Det manglar ikkje på smil og latter, sjølv om dei nett har brukt 60 millionar kroner.

Foto: Jørn-Arne Tomasgard

Breivik Junior skal testast om nokre veker, og brørne håpar på å få fiske heilt fram til jul.

Når de no har skaffa dykk ein slik moderne båt, kva er det neste prosjektet å satse på?

– Pensjon, ler Korneliussen høgt.