NRK Meny
Normal

Sat fast i ni timar på Tindevegen

– Det var ei skrekkeleg oppleving, seier austerrikske Susanne Elger etter å ha venta på hjelp i bilen i ni timar i snøstormen på Tindevegen måndag.

Susanne og Alex Elger

VART BERGA NED: Susanne og Alex Elger på Turtagrø, der dei fekk overnatte natt til tysdag.

Foto: Sarah Wisniewski / Turtagrø Hotell

Ho og mannen Alex hadde valt den spektakulære turen mellom Øvre Årdal og Turtagrø, og dei hadde venta seg ei eksotisk oppleving. I godvêr har bilistane ei flott utsikt mot dei vestlegaste toppane i Jotunheimen. Det høgste punktet på den private bomvegen er 1315 meter over havet.

Men måndag vart turen spennande på ein måte paret ikkje hadde sett for seg då dei starta frå Lom og tok av Sognefjellsvegen på Turtagrø på veg mot Øvre Årdal.

Vil fast på Tindevegen

VENTA I NI TIMAR: Det var ein bil til som stod fast på Tindevegen saman med ekteparet Elger.

Foto: Susanne Elger

I uvisse utan mobildekning

For etter nokre få kilometer på Tindevegen var det stopp. Det bles opp, det snøa, og snart kom dei ingen veg. Det la seg snøfonner både framfor og bak bilen, og utan vinterdekk var dei hjelpelause.

– Vi hadde ikkje mobildekning, og vi visste ikkje om det ville kome nokon og hjelpe oss. Vi sat arresterte i bilen vår. Det var ikkje akkurat den beste opplevinga vi har hatt, seier Susanne.

Fast i snøen på tindevegen

SNØ OVER VEGEN: Dette biletet tok Susanne Elger etter at dei hadde køyrt seg fast.

Foto: Susanne Elger

Såg lysa frå snøskuterane

I ni timar sat dei i uvisse og prøvde å halde motet oppe. Og til slutt - etter ni timar - kom det hjelpemannskap på snøskuter og tok dei med seg til Turtagrø Hotell, som ligg på 884 meter over havet der Tindevegen tek av frå vegen over Sognefjellet.

– Då vi såg lysa frå snøskutarane i bilspegelen var vi så lukkelege, seier Susanne.

Dei fekk overnatte på Turtagrø Hotell, og i løpet av tysdag skal bilen deira bli henta ned til hotellet. Då håpar dei at dei kan køyre vidare mot neste mål, som er Flåm.

På hotellet overnatta det også eit fransk par som måtte forlate bubilen sin oppe på Sognefjellet. Dei får truleg ikkje bilen frakta ned før onsdag.

Tindevegen - bomstasjon

IKKJE AKKURAT SOMMAR: Slik såg det ut på bomstasjonen på Tindevegen tysdag.

Foto: Webkamera
Frank Eldegard

– HEILT EKSTREMT: Dagleg leiar Frank Eldegard i Tindevegen AS.

Foto: Øyvind Aga

Frank Eldegard er dagleg leiar og styreleiar i Tindevegen AS. Han fortel at det i alt var fem bilar som køyrde seg fast måndag. Leiinga i vegselskapet vart varsla av ein av bilførarane som kom seg fram til bomstasjonen og fekk ringt ein naudtelefon som går til Årdal Energi.

– Det er beklageleg at folk får slike opplevingar. Dette var heilt ekstremt. Vi hadde ein brøytebil gjennom på føremiddagen, og eit par timar seinare var det vilt kaos. Noko slikt har vi aldri vore ute for tidlegare.

No blir vegen stengd til dei har fått fresa ut vegbana, truleg blir det ikkje opning før torsdag.

Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå
Milliongåve til Redningsselskapet som takk for innsatsen