Hopp til innhold

Sanden har pressa fleire

Ordførar Arne Sanden i Lærdal skal ha prøvd å presse fleire enn rådmannen til å gå frå stillinga si.

Arne Sanden

HAR PRESSA FLEIRE: Ordførar Arne Sanden skal ha pressa både rådmann og pleie- og omsorgsleiar til å seie opp jobbane sine.

Foto: Cosmin Cosma / NRK

Behandlinga av rådmann Bent Arild Grytten, som nyleg gjekk ut i sjukmelding etter hardt press frå ordføraren om å seie opp, er dermed ikkje eineståande.

Grytten skal fleire gonger ha vorte utskjelt av ordføraren , og har i eit brev karakterisert behandlinga han har fått som «grotesk».

Slutta etter press

Wenche Lie Lysne

SA OPP: Wenche Lie Lysne

Foto: Cosmin Cosma, NRK

Tidlegare pleie- og omsorgsleiar i kommunen, Wenche Lie Lysne, skal også ha blitt pressa til å seie opp stillinga si. Dette stadfestar fleire uavhengige kjelder.

Det var seinhausten 2008 at ordføraren gav Lysne beskjed om at ho måtte seie opp stillinga si. Ho slutta i jobben etter presset frå ordføraren.

Sanden skal ha gitt Lysne klar beskjed om å seie opp og rydde kontoret snarast.

Etter det NRK kjenner til, gav ordføraren klar beskjer til Lysne om at ho hadde helga på seg til å levere inn oppseiinga.

Vil ikkje kommentere

Bakgrunnen var store budsjettoverskridingar i helse- og omsorgssektoren. Lysne nekta å følgje kravet frå ordføraren, og kontakta både fagforeininga og advokat.

Ved hjelp av advokaten endte med at Lysna sa opp, mot at ho fekk to års studiepermisjon og etterlønn.

Ordførar Arne Sanden seier at dette er ei personalsak, og at han difor ikkje vil kommentere ho. Heller ikkje Wenche Lie Lysne vil kommentere opplysningane.