Hopp til innhold

Tre skular møtest til fylkesfinale i Klassequizen

Alle dei 31 påmelde skulane i Sogn og Fjordane har no vore i elden i Klassequizen 2015.

Hallvar Fauske Bygstad, Linn Mari Nilsen og Rakel Rose Øvretveit

I FINALE: Laget frå Sande skule, frå v. Hallvar Fauske Bygstad, Linn Mari Nilsen og Rakel Rose Øvretveit.

Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / NRK

Sist ut var Vågsøy ungdomsskule, som greidde åtte poeng. Det heldt ikkje til finaleplass, for då måtte dei ha greidd 10 rette.

Det er det tre skular som har greidd: Sande skule i Gaular, Olden skule i Stryn og Eid ungdomsskule. Desse laga skal møtast til finale på NRK Sogn og Fjordane onsdag 18. mars, direkte i ettermiddagssendinga mellom klokka 14.03 og 15.00.

Vinnaren av fylkesfinalen får ein premie på 5000 kroner, i tillegg til at skulen får representere Sogn og Fjordane i landsfinalen på TV 10. mai.

Eid ungdomsskule i Klassequizen

I FINALE: Laget frå Eid ungdomsskule vil sette Eid på kartet. Frå v. Stian Høvig, Sondre Vangberg og Synnøve Berstad.

Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / NRK

Seks skular med ni rette

I alt 31 skular i Sogn og Fjordane har vore med i Klassequien. Quizmaster Stine Kyrkjebø Johansen har sidan ho vitja Vassenden skule i Jølster 5. januar tråla fylket på kryss og tvers for å stille meir eller mindre intrikate spørsmål.

Seks skular hadde ni rette: Vassenden skule, Fjaler ungdomsskule, Høyanger skule, Sagatun skule i Balestrand, Skei skule og Kaupanger skule.

Olden skule Klassequizen

I FINALE: Olden skule, frå v: Otelie Auflem Tenden, Peder Skåden og Marcus Vangberg

Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / NRK

Terminliste Klassequizen Sogn og Fjordane 2015

SKULE

KOMMUNE

SENDING

POENG

Vassenden skule

Jølster

Etterm. 5.1.

8

Gloppen ungdomsskule

Gloppen

Morgon 6.1.

9

Lærdalsøyri skule

Lærdal

Etterm. 7.1.

6

Aurland barne- og ungd.

Aurland

Morgon 8.1.

5

Sande skule

Gaular

Etterm. 12.1.

10

Viksdalen skule

Gaular

Morgon 13.1.

5

Davik oppvekst

Bremanger

Etterm. 14.1.

8

Hauge oppvekst

Bremanger

Morgon 15.1.

8

Kvåle skule

Sogndal

Etterm. 19.1.

7

Hafslo barne- og ungd.

Luster

Morgon 20.1.

5

Fjaler ungdomsskule

Fjaler

Etterm. 21.1.

9

Våge skule

Fjaler

Morgon 22.1.

4

Førde ungdomsskule

Førde

Etterm. 26.1.

8

Flora ungdomsskule

Flora

Morgon 27.1.

4

Selje skule

Selje

Etterm. 28.1.

4

Stadlandet skule

Selje

Morgon 29.1.

7

Tangen skule

Årdal

Etterm. 2.2.

6

Farnes skule

Årdal

Morgon 3.2.

8

Halbrend skule

Førde

Etterm. 4.2.

5

Askvoll skule

Askvoll

Morgon 5.2.

7

Olden skule

Stryn

Etterm. 9.2.

10

Stryn ungdomsskule

Stryn

Morgon 10.2.

8

Flatbygdi skule

Vik

Etterm. 11.2.

8

Feios skule

Vik

Morgon 12.2.

6

Høyanger skule

Høyanger

Etterm. 23.2.

9

Sagatun skue

Balestrand

Morgon 24.2.

9

Hyllestad skule

Hyllestad

Etterm. 25.2.

7

Skei skule

Jølster

Etterm. 2.3.

9

Kaupanger skule

Sogndal

Morgon 3.3.

9

Eid ungdomsskule

Eid

Etterm. 4.3.

10

Vågsøy ungdomsskule

Vågsøy

Morgon 5.3.

8

Lokal finale i Sogn og Fjordane

Nasjonal finale på NRK1

Ekspander/minimer faktaboks