Hopp til innhold

Samla inn over eit tonn kle til syriaflyktningar

I Sogndal har frivillige starta innsamlingsaksjon for syriske flyktningar. – Responsen har vore over all forventning, seier Anders Stavnsbo.

Anders Stavnsbo samlar inn kle

VIL HJELPE: Anders Stavnsbo og dei andre frivillige i Sogndal er no klare til å sende nye 44 sekkar med kle til syriaflyktningane på den greske øya Lesbos.

Foto: Privat/Montasje / NRK

Han kjem frå Danmark, men har budd i Sogndal i litt over to år. Til dagleg jobbar han i kommunen med integrering av flyktningkvinner, i tillegg har han ei prosentstilling på Høgskulen. Han ein av fleire som står bak aksjonen i Sogndal.

– Eg har aldri vore i tvil om at eg må gjere noko. Vi kan ikkje redde heile verda på ein gong, men viss vi alle gjer vår del, så kjem vi oss stille og roleg i mål, seier Stavnsbo.

– Stort behov for klede og mat

Alt dei samlar inn blir sendt til den greske øya Lesbos. Dit har det kome over 15.000 flyktningar dei siste fjorten dagane.

Første forsending til Lesbos

PÅ PLASS: Biletet er teke frå Lesbos etter at den første forsendinga var komen fram tidlegare i september.

Foto: Privat / NRK

– Utfordringa der er at ingen flyktningorganisasjonar er på plass enno. Det er berre lokale frivillige som du og eg. Det er eit stort behov for klede og mat, eigentleg for alt mogleg, seier Stavnsbo.

Innsamlinga vart starta opp for fjorten dagar sidan på Facebook. I dag har dei vore på plass i Sogndal sentrum i samband med frivilligdagen.

– Før sist helg sende vi om lag 900 kilo klede med posten til Lesbos. I dag har vi samla 44 søppelposar som veg mellom 15 og 20 kilo kvar, seier Stavnsbo.

Store utgifter til porto

Han fortel at folk kjem frå nabobygdene for å bidra.

– Vi fekk òg to posar frå ein syrisk familie på Kaupanger som ønskjer å hjelpe sine landsmenn. Det er unge studentar, familiar og pensjonistar. Det har vore stor tilslutning frå riktig mange, seier Stavnsbo

No tek elevrådet på Folkehøgskulen over stafettpinnen. Deira største oppgåve blir å skaffe pengar til porto.

– Vi brukte om lag 22.000 kroner på å sende dei første 900 kiloa. Det er viktig å få det av garde så fort som mogleg, for det er no det er behov for akutt hjelp, seier Stavnsbo.