Hopp til innhold

Samla inn over 100 000 til hjelpearbeid i Uganda

På sju månader har Lions i Sogn samla inn over ein halv million kroner til hjelpearbeid i Uganda. Siste to vekene har dei fått solid draghjelp frå folkehøgskuleelevane i Sogndal.

Folkehøgskulen samlar inn til Lions

INNSAMLING: Folkehøgskuleelevane har gjennom to veker samla inn 105 000 kroner til Lions sitt arbeid i Uganda. – Sjølv om vi ikkje har planlagt fleire arrangement, så held vi fram Isbjørnaksjonen på Facebook, seier aksjonsleiar Tuva Aasrud.

Foto: Stig Bjerke

Elevane har verva fadrar, gått med bøsser og selt isbjørnar til den store gullmedalje.

Etter dei siste aksjonane i helga, har dei samla inn 105 000 kroner.

– Det var veldig koseleg og vi fekk kjempegode tilbakemeldingar. Vi forstår at mange ikkje har så god tid midt i julestria, men det var mange som tok seg tid til å snakke med oss, fortel aksjonsleiar Tuva Aasrud.

Folkehøgskuleelevar i Sogndal

ENGASJERTE: I løpet av to veker har folkehøgskuleelevane sikra Lions 30 000 kroner frå to fadrar i næringslivet i Sogndal.

Foto: Privat

Aids og malaria

Det er Lions i Sogn sitt engasjement i Uganda som har engasjert elevane. I skuggen av flyktningkatastrofen på Middelhavet, slit landet med si eiga katastrofe.

Svært mange born døyr av malaria. Samstundes tek aids foreldra frå veldig mange born i ung alder. Eit føredrag frå Bjørn Skovly i Lions i Sogn vekte engasjementet til elevane.

Bjørn Skovly

TAKKSAM: Bjørn Skovly er imponert over støtta frå sogningane. – Kvar veitastronding har gjeve 500 kroner i snitt. Det svarar til nær tre milliardar på landsbasis, seier han.

Foto: Privat

– Vi skjønte at vi må fokusere på meir enn ei sak om gangen. Vi set eigentleg ganske passive her i landet, men her såg vi moglegheita for å vere med på noko aktivt saman med Bjørn, seier Aasrud.

Vil ha ein million

Skovly er takksam for arbeidet elevane har lagt ned. Til no har Lions i Sogn samla inn over ein halv million kroner. Med støtte både frå folkehøgskulen og andre Lions kring om i landet, kjenner han seg trygg på at dei skal klare målet; det dobbelte.

Kvar dag døyr 2 500 av malaria. 85 prosent er born under 15 år. Behovet for hjelp i Uganda er stort.

Utdeling myggnett

LANG KØ: Slik ser det ut når borna i Kampala får delt ut myggnettingen som kan skåne dei frå malariaen.

Foto: Privat

– Eg har vore i Uganda nokre gonger og veit kor mange som døyr av Malaria. Det er like mange kvar dag som det døyr på Middelhavet i løpet av eitt år. Det kan vi ikkje tillate av ein sjukdom som er så lett å overvinne, seier han.

Treng ikkje vere farleg

Eit moskitonett kan beskytte to born frå stikka til malariamyggen. For dei som har 40 kroner til nettet. Kjem ein raskt under behandling, er ikkje sjukdomen livstrugande.

Utdeling av myggnetting

AVGJERANDE: Denne myggnettingen kostar berre 40 kroner, men det er ikkje mange som har råd til den i Uganda.

Foto: Privat

– Eg har sjølv opplevd å komme til sjukehuset i Kampala med eit born. Vi kom for seint. Barnet døydde fire timar seinare, fortel Skovly, som måndag returnerer til Uganda for å halde fram hjelpearbeidet. Då blir han til veslejulaftan.

– Vi skal no starte eit prosjekt for å få 48 foreldrelause jenter ut av slummen og inn i heimar. Til no har vi fått ut 14 born, seier han.

Har mange prosjekt

Slummen i Uganda

SLUM: Det er ikkje berre behov for myggnetting i Uganda. I slummen har aids gjort mange born foreldrelause.

Foto: Privat

Lions er ein verdsomspennande frivillig organisasjon. I Norge har dei kring 11 0000 menn og kvinner som ynskjer å bruke noko av fritida til å hjelpe andre.

Mellom anna i Uganda der organisasjonen har utdanna sjukepleiarar for 150 millionar kroner. Og i Nepal der tre millionar born går ein uviss vinter i møte etter jordskjelvkatastrofen i april i år.

– Problemet er at vi gjerne tenkjer ein konflikt om gangen, men eg trur det er viktig å ikkje snu ryggen til andre utfordringar, seier Skovly.