Hopp til innhold

Samla folk i hopetal for fysisk moro og leik

SOGNDAL (NRK): Det fantastiske sommarvêret gjorde sitt til at folk har stimla saman for å vere med på aktivitetane under den tradisjonsrike Fjell- og fjordmoro-festivalen.

Dampskipskaien Open i Sogndal

ELLEVILT: Tradisjonen tru var det mange som blei med på den halsbrekkande tevlinga "Dampskipskaien Open".

Dei siste åra har Bratt Moro sin seinsommarfestival samla stadig meir folk på ulike arenaer i Sogndal og omland. I tillegg til fartsfylte aktivitetar som stunthopping på Dampskipskaien og quadratlon, var yoga i sjøkanten ein vinnar.

Yogainstruktør Anine Brudeseth tykte det var stas å kunne invitere til eit skikkeleg avbrekk i kvardagen med fjorden og fjella som ramme.

Anine Brudeseth yoga sogndal

FJORD-YOGA: Anine Brudeseth er ein røynd yogainstruktør. I helga samla ho mange til ein roleg time ved fjorden.

Foto: Christian Blom / NRK

– Når du er ute så får du frisk luft og sol, det var heilt nydeleg. Ein føler seg i eitt med naturen. Du kan nyte ein fin utsikt samstundes. Så blir det meir fokus på opplevinga og ikkje på korleis ein ser ut i spegelen, fortel Brudeseth til NRK.

Bratt Moro har dei siste åra lagt sin festival saman med studentane si fadderveke, og rapportane tilseier at det har vore litt av eit liv i Sogndalsfjøra denne helga.

– Det har vore kjempestemning og folk har verkeleg kosa seg i sola, seier NRK sin fotograf under festivalen, Christian Blom.

Quadratlon Fjord- og fjellmoro i Sogndal

Sjå alle bileta frå Fjord- og fjellmoro her:

Quadratlon i Sogndal under Fjell- og fjordmoro samla mange spreke folk til kajakk, sykling, løping o
Foto: Christian Blom / NRK