NRK Meny
Normal

Dømd til samfunnsstraff for råkøyring

Ein mann i 20-åra er dømd til samfunnsstraff etter å ha køyrt 134 km/t i ei 80-sone.

Det var i november i fjor at sunnfjordingen blei teken i ein fartskontroll i Hordaland.

Han blei målt til 134 km/t i 80-sona ved Lindås. Mannen tilstod då han møtte i retten. Aktor i saka la ned påstand om 36 timar samfunnsstraff for råkøyringa, alternativet var 18 dagar fengsel. Mannen godtok samfunnsstraffa som må gjennomførast innanfor 120 dagar.

Mannen mista også førarkortet i 10 månader og må ta den praktiske prøven om att når han vil ha førarkortet tilbake.

Orkanen Tor var ikkje ekstrem nok
Ordninga bør endrast
GILGAMESH - Kongen som nekta å døy