Hopp til innhold

Har tru på nytt protestparti

Eit protestparti mot regjeringa sin sjukehuspolitikk kan ha gode sjanser til å få inn folk på fylkestinget. Det trur professor Frank Aarebrot

Frank Aarebrot
Foto: Hommedal, Marit / SCANPIX

Denne veka lanserte to utmelde Arbeidarparti-veteranar idéen om eit nytt politisk parti her i i fylket.

– Protestpartiet kan komme på tinget

Valforskar Frank Aarebrot sit på mange eksempel. Lokale stridssaker har fått politikarar til å bryte ut og danne eigne partilister. – Du skal jo ikkje kaste blikket så veldig langt i geografien før du finner sunnmørslister. Dei kom jo inn i fylkestinget i Møre og Romsdal. Ei slik liste burde jo også kunne ha moglegheiter i Sogn og Fjordane

Går i front for nytt parti

Gunnvor Sunde

Ap-utbrytar Gunnvor Sunde

Foto: NRK

Då Helse Vest-styret onsdag vedtok å leggje ned føde- og ortopeditilbodet i Eid og Lærdal skjedde det igjen. Fylkestingsmedlem Gunnvor Sunde melde seg ut av Ap i protest og går no i front for eit nytt parti.

– Altså vi har same grunnverdiane, men opplever det slik at Arbeiderpartiet bevegar seg vekk frå dei, og driv med sentralisering. Då har ein på ein måte gløymt dei gamle slagorda med "By og land, hand i hand" og "Ta heile landet i bruk", seier Sunde.

Korleis har responsen vore dei siste dagane?

– Den har vore overveldande. Det er veldig mange som ringer, dei sender teksmeldingar og e-postar både for å stå på liste, og for å røyste for eit nytt alternativ.

Ein plass å lufte frustrasjon

Det som vil vere mogleg folk er å få gitt utrykk for den frustrasjonen som dei kjenner når dei på ein måte er blitt lova ei politisk avgjerd, og så får dei ei omvendt administrativ avgjerd, seier Aarebrot. – Det blir nok meir måte å få ei psykologisk utløsning på, enn noko som vil føre til konkrete resultat, meiner valforskaren

– Ser vi representanter for eit sjukehusparti på fylkestinget i Sogn og Fjordane neste haust?

– Ja, det ser eg ikkje bort frå kan skje.