Hopp til innhold

Samarbeid skal styrke damefotballen

Eit samarbeid mellom damelaget til Kaupanger og Sogn og Fjordane Fotballkrets (NFF Sogn og Fjordane) skal gi jente- og damefotballen i fylket eit løft.

Samarbeid Kaupanger fotball/forballkretsen

SAMARBEID: Frå v. Ola Flo Zachariassen, Trine Lerum Hjellhaug og Svein Olav Myklebust.

Foto: NFF Sogn og Fjordane

Kaupanger har som mål å rykke opp og etablere seg i 1. divisjon. Men for å greie det må dei samarbeide med andre, seier Trine Lerum Hjellhaug, som er leiar i Kaupanger fotball.

– Vi er ein liten klubb, difor har vi no inngått eit samarbeid med kretsen, og vi ynskjer å bli endå betre på samarbeid med klubbane rundt oss.

Opp gjennom åra har Kaupanger fostra mange toppspelarar, fleire av dei har hamna i toppserien og på ulike landslag. Laget har vore det beste i fylket på damesida i vel 30 år.

– Det skal vere målet framover også, men om vi skal greie å halde på spelarane lengre, må vi ha ein ambisjon om å etablere oss i 1. divisjon.

Imponert over Kaupanger

Avtalen med NFF Sogn og Fjordane inneber tiltak som skal gjere klubben betre både sportsleg og administrativt.

Mange av fotballtalenta på jentesida i Sogn og Fjordane har vore innom Kaupanger , og no håpar både Lerum Hjellhaug og dagleg leiar Svein Olav Myklebust i NFF Sogn og Fjordane at dei skal betre rekrutteringa og utviklinga av spelarane i mange klubbar.

– Dersom vi løfter i lag, vil vi ha eit stort utviklingspotensial. Kretsen støttar arbeidet og ser fram til vidare arbeid med jente- og damefotballen, seier Myklebust.

Han seier at han er imponert over arbeidet Kaupanger fotball driv, etter å ha fylgt det på nært hald siste året.

NFF Sogn og Fjordane har tilsett ein fagsjef barn i ei halv stilling, medan klubbutviklar Ola Flo Zachariassen og styremedlem Marianne Laugerud skal leie arbeidet med å skape nettverk og på å utdanne leiarar og trenarar.

Vil rekruttere frå heile fylket

Trine Lerum Hjellhaug seier det varierer ein del kor god rekrutteringa er innan jentefotballen.

– Målet er at vi skal rekruttere frå heile fylket i større grad enn vi gjer i dag. På kretslaga er det mange potensielle Kaupanger-spelarar. Dei må vi ta vare på og få dei til å spele i fylket før dei reiser ut.

I år har Kaupanger samla dei beste småjente- og jentespelarane i indre Sogn i noko dei kallar KIL U, til trening med Kaupanger ein gong i veka.

– På den måten får dei kjenne på nivået, og så får vi oversyn over det som rører seg av fotballtalent. Dette vil vi vidareutvikle framover, seier Trine Lerum Hjellhaug.