Hopp til innhold

Salt skapte problem for straumkundar på kysten

I ytre Bremanger har straumen vore vekke i store område. Også i Vågsøy er fleire abonnentar utan straum i morgontimane.

Kraftlinjer

STRAUMLAUST: Salt på kraftlinene i Bremanger ført til at mange er straumlause i ytre deler av Bremanger.

Foto: Rune Fossum / NRK

OPPDATERT KL.14:30: Nettsjef Asgeir Aase i Sogn og Fjordane Energi seier til NRK at straumnettet no fungerer som det skal, med unntak av nokre små feil som skal bli retta i løpet av dagen.

Tidlegare i dag var mange utan straum i ytre Nordfjord og Sunnfjord på grunn av sterk vind. Driftsingeniør Roy Landsverk i SFE stadfestar at halve Bremanger har vore utan straum i tre timar.

– Det er salt som har blese på linjene som er årsaka til straumbrotet.

Han kan førebels ikkje seie noko om når straumen kan vere attende.

– Med det uvêret som har vore i natt har det ikkje vore forsvarleg å drive feilretting, men vi tek sikte på å prøve igjen når montørane kjem på jobb klokka 07.30, seier Landsverk.

Klokka 06.55:

– No har kundane våre i Bremanger fått igjen straumen, slik at no er det vel berre kring 100 abonnentar i Vågsøy som framleis er utan straum, seier Asgeir Aase som er nettdirektør i SFE.

Han seier at i løpet av natta har nærare 1500 abonnentar i SFE-området i Askvoll, Bremanger, Selje og Vågsøy vore utan straum.

I Stryn er om lag 100 abonnentar hjå Stryn Energi utan straum. Dette gjeld to mindre område, og feilen skuldast tre som har falle over linjene. Stryn Energi reknar med at dei har fått orden på dette att til om lag klokka 12.

Vinden tok tak

I Svelgen bles deler av taket på Firda billag sin bygning av i den sterke vinden i natt.

Tre mann var ute for å sikre taket, opplyser Alarmsentralen, som fekk melding om hendinga i halv eitt-tida.

Vinden tok taket

KRAFTIG VIND: Vinden reiv takplater av bygget til Firda billag i Svelgen.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Fleire stader i fylket, mellom anna på Sandane, har tre blese over ende og sperra vegar, men det er rydda opp i det no.

Takplater bles av

KRAFTIG VIND: Vinden reiv takplater av bygget til Firda billag i Svelgen.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Widerøe varslar at dei kan få problem med å ta av og lande i Florø på grunn av sterk vind. Flyet som skulle gått til Oslo klokak 06.20 er i første omgang utsett i ein time.

Også på Sandane lufthamn skaper vinden problem, avgangen til Sogndal og Oslo som skulle ha gått 06.23 er innstilt.

I Florabassenget er alle båtruter i dag innstilte på grunn av vêret, det gjeld også skulerutene, opplyser Fjord1.

Vinden har og skapt problem for båttrafikken. Sørgåande snøggbåt frå Selje til Bergen måtte i går kveld bli liggande i Askvoll på grunn av den sterke vinden.

Planen er at båten skal gå frå Askvoll i dag klokka 9.15.

Laster Twitter-innhold

På Fylkesveg 614 går no ferjesambandet Isane- Stårheim som normalt etter å ha vore innstilt på grunn av uvêr.

Ferjesambandet Måløy-Oldeide på Fylkesveg 616 er framleis innstilt.

Framleis sterk vind

– Det blir nok nokre timar til med vind. Det blir nok sterk vind det meste av dagen, men ikkje så sterk om vi har hatt i natt, seier statsmeteorolog Gunnar Livik.

På Kråkenes i Vågsøy er det i natt registrert sterk storm i natt, og elles langs kysten har det vore liten og full storm.

– Det er ein kaldfront som har lege og venta ute i havet. I forkant av den har vi fått sterk vind. Når det etter kvart kjem inn over land gir den meir nedbør og vil etter kvart også gå over på sørvest og minke. Vi vil nok framleis få ein sørvest stiv og periodevis sterk kuling med regn og snø i fjellet, seier Livik.

Ut på ettermiddag er det venta regnbyer, de blir kjøligare og det er venta snø over 600 meter.