Mange personar i Lærdal har vorte sjuke etter at dei tok del i eit kulturutvekslingsarrangement med venskapsbyen Jeriko for to veker sidan.
Mistenkjer palestinske råvarer
150 personar var med på denne tilstellinga der det vart servert tradisjonsmat frå den palestinske byen. Nokre av råvarene som vart brukte til middagen, hadde gjestene frå Jeriko med seg. Distriktssjef Kåre Rudningen i Mattilsynet har mistanke om at dette kan vera smittekjelda.
Må oppsøkje lege
Mattilsynet har påvist salmonellasmitte på ein person og ventar svar på prøvar frå to andre pasientar som i lengre tida har vore plaga med magesmerter, ekstra mykje luft i mage og diaré. - Personar som slit med store magesmerter eller langvarig diare, må gå til lege for å unngå ytterlegare spreiing av smitte, seier Kåre Rudningen.
Salmonellabakterien spreier seg ofte gjennom mat, men smitten kan også gå frå dyr til folk og omvendt. Mattilsynet fryktar ei ytterlegare spreiing.