NRK Meny
Normal

Sakna kvinne kom til rette

Kvinna som søndag kveld vart meldt sakna frå Førde sentralsjukehus er komen til rette.

Førde på kveldstid

SAKNA: Ei kvinne i 40-åra vart søndag kveld meldt sakna i Førde.

Foto: Alf Vidar Snæland

Politiet gjekk seint søndag ut med ei skildring på Twitter der dei bad publikum om tips etter kvinna som vart meldt sakna i 21.30-tida.

Ho var sist observert ved Vie. Kring midnatt var kvinna komen til rette att for eiga maskin ved Førde sentralsjukehus.