Hopp til innhold

Sakna kvinne funnen omkomen i Jølster

Kvinna som søndag kveld vart meldt sakna frå heimen sin i Jølster er funnen omkomen, opplyser politiet.

Helikopter deltek i leiteaksjon i Jølster

LEITEAKSJON: kvinna i 70-åra vart meld sakna frå heimen sin seint søndag kveld.

Foto: Eva Marie Felde

– Politiet har gjort funn etter den vi leita etter, og vi fann ho død. Ho vart funnen i terrenget ikkje så langt frå heimen, seier Kai Henning Myklebust, operasjonsleiar i Vest politidistrikt i Florø.

Politiet opplyser like før klokka 9 at det kan sjå ut som at kvinna har ramla og slått seg. Det blir ikkje gjennomført rettsleg obduksjon av kvinna.

Kvinna i 70-åra vart meldt sakna seint søndag kveld. Gjennom natta har mannskap frå Røde Kors, Sivilforsvaret og eit redningshelikopter leita etter ho. Søket har vore konsentrert kring Årdal i Jølster.

– Vi veit ikkje kva som har skjedd, men det er ingenting mistenkjeleg rundt dette. Politiet vil følgje opp saka vidare, seier Myklebust.