Hopp til innhold

Sakna jente i Førde funnen

Den 16 år gamle jenta som laurdag kveld vart meldt sakna frå ein institusjon i Førde er funnen i god behald.

Jente sakna i Førde

Politiet opplyser at dei fekk melding om at jenta vart funnen kl 20.21.

Jenta vart meldt sakna klokka 16.25 laurdag ettermiddag.

Både politi og mannskap frå Røde Kors deltok i leiteaksjonen. I tillegg ba politiet publikum om hjelp i tilfelle einkvan hadde sett henne.