Det var etter ein inspeksjon i haust at Statens forurensingstilsyn bestemte seg for å melda Gulen-bedrifta til politiet for brot på forurensingslova. Rapporten frå SFT synte til saman 14 regelbrot. Mellom anna meinte SFT at bedrifta ikkje lagra farleg avfall på ein forsvarleg måte.
Økokrim undersøkte regelbrota, men fann ingen bevis. Lars Hellandsjø i Wergeland-Halsvik er glad for avgjerda, men seier han ikkje var overraska.