Hopp til innhold

Sak blei liggande hos politiet så lenge at kvinne slepp fengsel

Ei kvinne i 20-åra slepp fengsel for narkotikalovbrot fordi politiet ikkje klarte å få sendt saka av garde til tingretten.

Kvinna møtte nyleg i Fjordane tingrett, der ho stod tiltalt for å ha kjøpt til saman 60 gram hasj ein stad i Sunnfjord frå august til oktober i 2014.

Alt 10. oktober i 2014 la ho alle korta på bordet for politiet, men det skulle ta meir enn eit år før politiet klarte å få saka for retten.

I sitt skriv til domstolen, legg politiet ikkje skjul på at saka blei liggjande hos dei utan at det skjedde noko som helst.

– Dette er forhold som sikta ikkje kan lastast for og som i denne samanhengen betyr at heile straffa blir gjort på vilkår, skriv politiet til domstolen.

Dette var tingretten samd i og slo fast at kvinna ikkje skal sone, og ho skal heller ikkje betale bot for det ho tilstod.

Kvinna har i dag kome seg ut av narkomiljøet og har flytta til ein annan stad på Vestlandet.