Hopp til innhold

Såg jerv på nært hald i Luster

– Det er var heilt fantastisk å oppleve, fortel Hans Kristian Sæta i Fortun. Fredag såg han ein jerv i skutersporet i Fortunsdalen.

FILMA: Eirik Hesjevoll Winge filma jerven som han og Hans Kristian Sæta oppdaga.

Saman med Eirik Hesjevoll Winge frå Luster Energiverk var han på veg til eit oppdrag på DNT-hytta Nørdstedalseter.

– Plutseleg oppdaga vi ein jerv, og vi tenkte at vi måtte ta det heilt med ro slik at vi ikkje pressa eller skremde han, seier Sæta.

Han fann ut at det spesielle synet måtte dokumenterast. Sjølv køyrde han skuteren, så han spurde passasjeren om han kunne ta fram telefonen.

– Eg køyrde litt innpå slik at vi fekk ein filmsnutt. Jerven for av garde innover. Det var ei fantastisk oppleving, seier han sjølv om han har sett jerv tidlegare.

Første gong

For Eirik Hesjevoll Winge frå Gaupne var det derimot førset gong han var i nærkontakt med ein jerv.

– Det var jo litt spesielt å oppleve dette.

Dei to karane tok kontakt med Statens naturoppsyn, som også fekk filmen tilsendt.

– Rovviltkontakten var inne i dalen på laurdag. Ho såg at jerven hadde kome ganske langt ned i Fortunsdalen, ikkje så langt frå busetnad, seier Sæta.

Sjeldan å sjå

Aina-Elise Stokkenes

ROVVILTKONTAKT: Aina-Elise Stokkenes. Arkivfoto

Foto: SNO

Det er Aina-Elise Stokkenes som er rovviltkontakt i Luster. Ho fant raskt spora og følgde dei nokre kilometer fram til der han hadde sprunge opp i fjellsida.

– Jerven hadde brukt skutersporet, truleg fordi det er laust i snøen utanfor sporet.

Det blei samla inn avføring og hår, som no er sendt til DNA-testing i Trondheim for å finne ut kva individ det er.

– Kor sjeldan er det å sjå jerv?

– Det skjer ikkje ofte, i alle fall ikkje på sognesida av grensa der jerven ikkje bur fast. Her er det kanskje endå sjeldnare, seier ho.

Ho seier at jerven har vore nokre kilometer frå hus, men at han ikkje er farleg for folk.

– Nei, jerven er nok meir redd for oss enn vi treng vere for han.

Skal følgje med framover

Utover våren har tispene hi der dei får kvelpar. Per no veit SNO ikkje om det er tispe eller eit hanndyr som blei sett. Det får dei først vite etter DNA-analysen.

I den ordinære jervejakta i blei ingen jervar skotne under lisensjakta i region 1 på Vestlandet. Det er Miljødirektoratet som bestemmer om det blir ekstraordinært uttak.

Rovviltansvarleg i SNO i Sogn og Fjordane, Rein Arne Golf, seier dei har fått fleire observasjonar dei siste vekene om jerv i terrenget.

– Vi veit at det er jervar i indre Sogn. Om folk ser eller sikrar spor, er like verdfullt for oss. No skal vi følgje med, observere og registrere den aktiviteten som er. Deretter er det opp til forvaltninga å treffe eit eventuelt vedtak om ekstraordinært uttak.