Hopp til innhold

Uvisst om det blir ekstraordinær jakt

I februar er det fleire observasjonar av jervespor i Luster. Mellom anna er det gjort funn av avføring som er sendt inn til analyse.

Jerv ved Turtagrø

JERV: Dette biletet er teke av eit viltkamera med åte ved Turtagrø i Luster kommune like før jul. Denne jerven har to små lyse prikkar i bringa, som det går an å kjenne han att på, meiner Rein Arne Golf i SNO.

Foto: Aina Elise Stokkenes

– DNA-prøvane vil gi svar på kor mange ulike dyr det er snakk om, seier Rein Arne Golf i Statens naturoppsyn (SNO).

Men så langt i vinter er det gjort færre observasjonar enn i tidlegare år.

– Vi registrerer litt mindre aktivitet enn tidlegare på denne tida, men det varierer frå veke til veke kva vi klarer å fange opp. Det har mellom anna vore skiftande ver i fjellet i vinter.

Ingen skade to siste åra

Jerv er og har vore eit frykta rovdyr for bøndene. I Sogn og Fjordane har jerv fleire år gjort store skader på sauer på beite, medan det dei to siste åra ikkje har vore dokumentert skade på beitedyr gjort av jerv i fylket.

Likevel vart det i haust gitt løyve til å felle åtte jervar under lisensjakta i region 1 på Vestlandet. Då lisensjakta var over 15. februar, var ingen av dyra skotne.

Golf seier dei ofte ser meir spor etter jerven utover våren.

– På denne tida blir han blir aktiv og på søk. Spesielt hannar som er på jakt etter tisper fartar rundt. Dermed blir det lettare å fange opp aktiviteten.

Direktoratet avgjer

Framover vil SNO halde fram med å samle inn spor. Deretter er det opp til Miljødirektoratet å avgjere om det blir sett i gang ekstraordinær jakt utover våren.

– Vi har løpande kontakt med direktoratet. Der er mellom anna ein jerv på grensa mellom Hordaland og Rogaland som har prioritert slik at han ikkje gjer meir skade på beitedyr.

Etter 1. juni er det Fylkesmannen i dei ulike fylka som gir løyve til jakt.

– Dei kan tildele skadefellingsløyve til dei som søkjer om det, seier Golf.