NRK Meny
Normal

Såg bjørnespor ved busetnad

Gardbrukar Harald O. Haugen oppdaga fredag morgon ferske bjørnspor i nærleiken av Bresenteret i Jostedalen.

Bjørnespor i Jostedalen

FERSKE SPOR: Bjørne har ikkje gått i hi, men er på vandring i Jostedalen.

Foto: Harald O. Haugen

– Vi såg spor heilt ned til busetnaden, så skar spora litt vestover. Eg trur dette er den same ruggen me hadde vitjing av for tre år sidan, seier Haugen til Sogn Avis.

Spora er målt til å vere 25 gonger 16 centimeter store.

Redd den skal ta dyr

Statens Naturoppsyn vil ikkje gi fellingsløyve rett før bjørnen skal gå i hi for vinteren. Men Haugen er redd for at bjørnen skal over til Krundalen, der det går dyr ute heile året.

Kom frå Skjåk

Bjørnspor i Jostedalen

STORE SPOR: Spora er målt til å vere 25 gonger 16 centimeter store.

Foto: Harald O. Haugen

Det var førre laurdag at bjørnen vart oppdaga i Skjåk og at den var på veg mot Sogn og Fjordane. Nokre dagar seinar vart det oppdaga bjørnespor ved Styggevatnet i Luster.

– Bjørnen er mest redd

Rovviltkontakt Einar Fortun seier til NRK at denne gongen har bjørnen kome ned med Mjølver, gått i Nigarsbredalen og kryssa den. Bjørnen har gått over ei elv og opp mot Haugfjellstølen og så teke framover.

Men sjølv om bjørnen har vore i nærleiken av busetnad på turen sin, så meiner Fortun at den ikkje har vore heilt innpå der folk bur.

– Og folk treng ikkje vere redde, det er nok bjørnen som er mest redd.

Fortun seier han er forbausa over at bjørnen har gått så langt og ikkje slege seg til ro i hiet.

– Det kan vere mildveret som har gjort at den ikkje har gått i hi.