Hopp til innhold

Sa opp jobben og satsa på draumen

VASSENDEN (NRK): Ein travel jobb og sjukdom i familien gjorde at Jenny Marie Håland sa opp jobben og satsa på noko heilt nytt.

Jenny Marie Håland

1700-TALET: Bak ein halv meter tjukke steinveggar og gamle tredører fann Håland inspirasjon i noko ho alltid har vore glad i.

Foto: Kjersti Anderdal Bakken / NRK

– Det var mykje reising, og eg var mykje vekke. Vi har fem ungar og bur på gard, og så fekk ei dotter kreft. Pakka vart ganske stor, så då ho vart frisk valde eg å vere heime og prioriterte familien.

Kva skulle livet no bringe? For Håland fall valet naturleg.

– Eg tenkte det var kjekt å ha min produksjon på garden, og eg har vore glad i å bake lenge. Det var eigentleg berre å starte med noko eg likte, for å prøve å sjå om folk vil ha brød og anna bakverk.

Jenny Marie Håland

IKKJE BERRE BRØD: Jenny Marie Håland lagar mykje brød, men satsar også på andre bakverk, som desse skillinsnurrane. I bakgrunnen den store bakaromnen.

Foto: Kjersti Anderdal Bakken / NRK

Frå komfyr til bakaromn for 50 brød

Sjølve bakejobben gjer ho nede i ein kjellar frå 1700-talet, bak ein halv meter tjukke steinveggar. Ho seier sjølv det er «ein robust kjellar».

– Eg synest eg har vore modig. Men eg synest det har gått bra, altså, slår den ivrige bakaren fast.

Lukta av nybaka brød slår mot besøkande som kjem inn dei gamle tredørene og inn i bakeriet. Håland har teke trappene ned frå sitt eige kjøkken i etasjen over, og steget opp frå komfyr til bakaromn som tek 50 brød, og Kenwooden på seks liter til maskina på 50 liter i gardsbakeriet.

Emmerbrød

BARNEHAGE: Godt brød til lunsj for ungane.

Foto: Kjersti Anderdal Bakken / NRK

– Eg har investert mykje i dette, og håpar på god respons. Men eg har ikkje byrja å rekne på kva eg er nøydd til å tene. Å ta betaling er den verste delen av dette, smiler Jenny Karin Håland.

I dag er det emmerbrød til Langhaugane barnehage som står på menyen.

– Det er brødet som går best. Emmer er ein gamal kveitesort, ein av forfedrane til spelten, forklarar Håland.

Jenny Marie Håland

GJENOPPLIVA: I ein gamal, gjenoppliva kjellar lagar Håland hundrevis av brød og andre bakverk.

Foto: Kjersti Anderdal Bakken / NRK

Kortreist mat og lokalt sal

Bakverka hennar kan trygt kallast kortreist. Mjølka kjem frå eigen gard, og etter dei kjøpte separator for eit par år sidan, har dei separert all mjølk sjølv.

– Vi lagar surmjølk, yougurt, rømme og smør av mjølka, og eg prøver så langt det er mogleg å bruke ingrediensane i dei tinga vi lagar her. Spesielt surmjølk er mykje brukt i brød, seier Håland.

Utsalet er like lokalt.

– Folk kan kome rett opp her til oss i Erketunet når vi har ope kvar måndag, fredag og annakvar laurdag. Vi har ikkje utsal andre stader.

Gardsbakeri

OPE: Gardsbakeriet opnar snart for alle som vil ha brød eller bollar, og då møter dei eit koseleg rom i kjellaren.

Foto: Kjersti Anderdal Bakken / NRK

Frå 14. november opnar dei dørene for kundar kvar måndag, fredag og annakvar laurdag. Responsen har vore overveldande positiv, seier Håland.

– Då eg byrja å tenke på dette, hadde eg aldri trudd det skulle bli så populært som det har blitt. Folk er veldig, veldig positive, og det gir meg lyst å prøve å satse og få det til, seier ho.

Jenny Marie Håland

SPENT: Jenny Marie Håland er klar for opning, men spent på korleis det går.

Foto: Kjersti Anderdal Bakken / NRK