Hopp til innhold

Så mykje har russen tenkt å bruke i russetida

FØRDE (NRK): Fleire russ ved Hafstad vidaregåande skule førebur seg på å bruke om lag 30.000 kroner i løpet av russetida. Dei meiner dei kjem til å bruke meir pengar enn tidlegare russ.

Nikolai Hilding og Sander Dvergsdal jobbar med russebilen "Babelaid"

KLARE FOR RUSSETIDA: Gutane i russebilen 'Babelaid' gler seg til russedåp på laurdag, men seier at førebuingane har vore mange og kostbare.

Foto: Privat

I årets russekull er det fleire som seier tidlegare Førde-russ har hengt litt etter i russeferinga, samanlikna med andre stadar i landet. Difor førebur dei seg no på høge utgifter for å meir ut av tida som russ.

– Vi kjem til å bruke meir pengar enn tidlegare generasjonar, seier Nikolai Eikås.

Gøy å gjere litt ekstra

Gutane i russebilen «Babelaid» nøyer seg ikkje med russebil og russedress. Dei har kjøpt mobildeksel, klede og klistermerker pryda med eigenlaga logo, samt betalt for å få laga eigen russesong. Elevane finansierer utgiftene med arbeid etter skuletid, dugnader og ved å skaffe seg sponsorar.

Fleire russ meiner det er det ein intern konkurranse mellom russebilane ved skulen, noko som gjer at mange vel å bruke mykje pengar på å lage ein russebil som blir populær blant medelevane.

– Det er litt om å gjere å bli den kulaste gjengen med den kulaste bilen, seier Nikolai Eikås.

f.v. Nikolai Eikås, Kristian Ulleland, Cedrik Fonn Skåre

STAS Å HA KUL BIL: For Nikolai Eikås, Kristian Ulleland og Cedrik Fonn Skåre er det målet å ha ein russebil som skil seg ut.

Foto: Arianrhod Engebø / NRK

Mange har også laga profilar på både Facebook, Instagram og Snapchat som dei brukar til å promotere russebilane. Maria Hauken og Kristiane Knutson frå russebilen «Queenbees» meiner konkurransen mellom bilane gjeld også her.

– Mange følgjarar og «likes» viser at russebilen er populær, så det er definitivt eit mål, seier Maria Hauken.

Fullt mogeleg å ha det kjekt for mindre

Russen meiner likevel at eit høgt forbruk og budsjett ikkje er nødvendig for å ha ei god russetid.

– Det blir kva ein gjer det til, det går sjølvsagt an å ha det kjekt utan å bruke så mykje pengar, seier Cedrik Fonn Skåre

Kristina Siem

VONAR DET BLIR VERDT DET: Kristina Siem seier det er vanskeleg å vite om russetida blir verdt alle utgiftene.

Foto: Arianrhod Engebø / NRK

Framleis vonar russen at dei sytten festfylte dagane blir verdt alle utgiftene, men seier det er vanskeleg å vite på førehand.

– Det er jo berre fest, så det er ikkje godt å seie kor masse eg får ut av det, seier Kristina Siem frå russebilen «Blue velvet».

Hafstadrussen skal døypast no på laurdag.