Hopp til innhold

– Hadde trengt dobbelt så mykje frå staten

Kommunane i Sogn og Fjordane får til saman om lag 17,2 millionar kroner frå staten til kompensasjon for svikt i skatteinngangen.

Ole John Østenstad

– IKKJE NOK: Rådmann Ole John Østenstad i Førde.

Foto: Guro Kvalnes / NRK

Mest får Førde med vel to millionar kroner.

– Eg er ikkje heilt nøgd, for svikten i skatteinntekter er meir enn dobbelt så stor. Men som eg sa til ordføraren, to millionar er betre enn ingen millionar, seier rådmann Ole John Østenstad i Førde.

For tidlegare har det ikkje vore praksis at kommunane får kompensert for det dei taper i skatteinntekter. Deri mmot har det vore vanleg at kommunane har fått behalde pebgabe dei åra dei har fått større skatteinntekter enn budsjettert, seier Kåre Træen hjå Fylkesmannen i Sogn og Fjordane.

– Hyggeleg

Årdal kommune er på Robek-lista, det vil seie at kommunen er under tilsyn av Fylkesmannen fordi det har vore dårleg samsvar mellom inntekter og utgifter. Difor kjem 853.000 kroner godt med, seier rådmann Olve Fossedal.

– Det er ein hyggeleg nyheit, for alle ting som kompenserer for dei inntektsproblema vi har på linje med andre kommunar vil vere bra. Vi treng den drahjelpa, og vi set stor pris på denne hjelpa frå regjeringa.

Her er tala

Her er oversynet over kor mykje kvar kommune i Sogn og Fjordane får til styrking av økonomien i år:

  • Flora 1 913 000
  • Gulen 387 000
  • Solund 125 000
  • Hyllestad 227 000
  • Høyanger 649 000
  • Vik 417 000
  • Balestrand 202 000
  • Leikanger 364 000
  • Sogndal 1 196 000
  • Aurland 278 000
  • Lærdal 340 000
  • Årdal 853 000
  • Luster 796 000
  • Askvoll 467 000
  • Fjaler 438 000
  • Gaular 459 000
  • Jølster 472 000
  • Førde 2 053 000
  • Naustdal 432 000
  • Bremanger 604 000
  • Vågsøy 957 000
  • Selje 429 000
  • Eid 932 000
  • Hornindal 189 000
  • Gloppen 896 000
  • Stryn 1 115 000

Til saman får dei 26 kommunane i Sogn og Fjordane 17 190 000 kroner.

Sogn og Fjordane fylkeskommune får 3 901 000 kroner.