Hopp til innhold

Rykte ut til melding om kraftig røykutvikling på Raudeberg

Brannmannskap har kontroll over husbrannen på Raudeberg. – Dei går no gjennom huset med kamera og søkjer etter brannårsak, opplyser Alarmsentralen.

Brannutrykking på Raudeberg

BRANNUTRYKKING: Naudetatane er framme på Raudeberg.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

Tidlegare i ettermiddag rykte naudetatane ut til ein bustad på Raudeberg i Vågsøy etter melding om kraftig røykutvikling i kjellaren.

– Klokka 18.01 melde mannskapa på staden tilbake til oss at dei har kontroll, og at dei no er i gang med utlufting av huset, opplyser Kollbjørn Øvrebotten ved Alarmsentralen.

Det var fire personar i huset då brannen vart oppdaga.

– Alle skal ha kome seg uskadde ut av huset, seier Dag Olav Sætre som er operasjonsleiar ved Vest politidistrikt.

Politiet fekk melding om brannen klokka 17.31. NRK sin reporter på staden fortalde at det ikkje var synlege flammar frå huset, men at det sivde ut røyk.

– Meldar har opplyst at det er mykje røyk i kjellaren. Ei av rutene i kjellaren skal også ha sprokke, noko som tyder på at det er mykje varme, seier Sætre.

Alarmsentralen opplyser klokka 22.00 i kveld at dei framleis har mannskap på staden.

– Det er fire mann der no. Eg reknar med at dei søkjer med kamera etter brannårsak, seier Siv Sørstrand.

Brann på Raudeberg