Under namnet Ryggjatun Panorama blir no interesserte inviterte på synfaring til det tidlegare hotellet. Målgruppa er både folk i nærområdet og dei som ønskjer fritidshusvære, seier eigedomsmeklar Line Moen. Planen er at Ryggjatun Panorama skal stå ferdig mot slutten av året.
Frå asylmottak til private husvære
Ryggjatun hotell har vore asylmottak frå hausten 2001, men blir no gjort om til 22 sjølveigarhusvære i varierande storleikar. Bustadane vil strekkje seg frå 64 til 115 kvadrat og halde ein god standard, legg Moen til.