Hopp til innhold

Rusettervernet tykkjer politikarane sviktar

Meiner politikarane er feige og berre opptekne av festtalar.

åpent narkotika

Illustrasjonsfoto

Foto: Johannessen, Sara / SCANPIX

- Det er politikarar som seier dei har sett oss på nettet og høyrd oss på radio, men så skjer det ikkje meir. Me treng politikarar som kan gå inn og bevilga midlar, seier Kari Margrete Rønning i Rusettervernet i fylket.

- Svært opptekne av saka

Ettervernet er basert på frivillig innsats der medlemmane sjølve lever med rus, anten som pårørande eller misbrukar. Dei meiner rus og konsekvensane av misbruk er eit mykje større problem i fylket enn det politikarane ønskjer å vite om.

Jenny Følling
Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

-Her i fylket kan ikkje eg sjå at det er gjort noko særskild verken for pårørande eller ettervernsgruppene, seier Rønning

Jenny Følling, gruppeleiar for senterpartiet i fylket, meiner kommunane satsar sterkt på rusproblematikken. Ho er ikkje sikker på at øyremerkte midlar retta mot rusproblematikken vil vera det beste.

- Eg opplever at me er svært opptekne av saka , og eg trur ikkje ein kan løyse eit kvart problem med øyremerka midlar. Alle som kjenner den kommunale økonomien veit at det er ein beinhard kamp om kronene. Så bodskapen min er at kommunane må ha store nok rammer.

Ueinige samarbeidsparti

Tor Bremer frå Arbeidarpartiet er ikkje samd med Følling frå samarbeidspartiet i den raudgrøne regjeringa om at det vert satsa godt på denne gruppa. Bremer er klar på at Arbeidarpartiet ikkje har gjort nok for dei som slit med rusproblem.

Tor Bremer
Foto: Brit Jorunn Svanes / NRK

- Me lyt ta sjølvkritikk på det som ikkje er gjort. Eg trur det fyrst og fremst er systemfeil, i tillegg til at det har vore vekke frå den politiske dagsorden. Kommunane må få på plass dei ruspolitiske handlingsplanane sine.

Han meiner det er kritikkverdig at rusproblem har vorte sett på som ei privatsak.

-I Arbeidarpartiet seier me at alle skal vera med, og då kan me ikkje tillata at ei så stor gruppe fell utom alt som heiter verdigheit i samfunnet.

Tek lovnadane med ei klype salt

Alle dei politiske partia har nemnt rus i partiprogramma. Rønning i rusettervernet vel likevel å halde på begeistringa til ho ser konkrete resultat.

- Me må forholda oss til det som faktisk vert gjort, og desse lovnadane tek me med ei klype salt. Me er såpass mange at me kan bety ei omvelting for partia deira; om dei får stemmene våre eller ikkje. For no må dei koma på bana viss me skal få trua på dei.