Hopp til innhold

Rusa mann med kutt

Natt til laurdag fekk politiet melding om ein rusa mann med kutt i hovudet i Førde. – Då vi kom fram låg mannen i midten av 30-åra på bakken. Han blei sendt til legevakt for sjekk. Mannen kunne ikkje huske om han hadde blitt slått til av nokon, eller om det var eit fall, seier operasjonsleiar i Vest politidistrikt, Frode Kolltveit.