Hopp til innhold

Rusa lege vart ikkje teken av vakt. – Hårreisande, seier Pasientombodet

Den rusa danske vikarlegen ved Nordfjord legevakt jobba 24 timar i strekk og vart ikkje teken av vakt. Dette viser dokument NRK har fått tak i.

Marit Risnes

- HÅRREISANDE: Marit Risnes ved Pasient- og brukarombodet i Sogn og Fjordane.

Foto: Bård Siem / NRK

Fylkeslegen har fått fem uavhengige klager på at det lukta alkohol av legen, og at han oppførte seg merkeleg. Mellom anna undersøkte han ikkje skikkeleg ein pasient som tidlegare på natta hadde truga med sjølvmord.

Marit Risnes ved Pasient- og brukarombodet i Sogn og Fjordane reagerer sterkt.

– I denne situasjonen trur eg vi kan bruke ordet sjokkerande. Eg forstår ikkje at det går an når det er ulovleg, og når det er til stor fare for pasientane. Det er hårreisande.

Fekk halde fram med arbeidet

Det var fredag den 25.januar den danske vikarlegen møtte på jobb for å få opplæring ved den interkommunale legevakta på Nordfjordeid. Alt då skal legen ha lukta alkolhol, og han skal ikkje ha klart å ta til seg informasjon, går det fram i eit skriv frå fylkeslegen.

Den danske vikarlegen skal i ettertid sjølv ha vedgått at han var rusa under vakta på Nordfjord legevakt.

Laurdag morgon skal legen ikkje ha fungert i legevaktrolla, verken med tanke på å lære seg rutinar eller gjere forsvarlege konsultasjonar, heiter det vidare. Likevel fekk dansken, som var den einaste legen på vakt store delar av tida, halde fram arbeidet sitt.

Marit Risnes er forferda over at legen ikkje vart teken av vakt alt etter at dei første meldingane om alkohollukt, og at han oppførte seg merkeleg, kom inn.

– Legar kan og bli sjuke, og då må dei ha ordningar som gjer at ein tilkallar andre. Om ein bussjåfør vart mistenkt for rus, og ein ikkje fann ein annan sjåfør, så ville dei ikkje ha sendt den rusmistenkte sjåføren vidare med bussen.

(Artikkelen held fram under biletet)

Nordfjord Sjukehus

IKKJE TEKEN AV VAKT: Den rusa legen fekk halde fram vakta si ved legevakta, som held til på Nordfjord sjukehus.

Foto: Ottar Starheim / NRK

Måtte be om hjelp frå Helse Førde


Laurdag tok legen imot fleire pasientar. Den eine kom inn med sterke magesmerter, men vart undersøkt så dårleg at sjukepleiarar reagerte, går det fram i ei avviksmelding om legen.

Sjukepleiarane reagerte også på at legen fleire gonger forsvann ut av legekontoret, og at det lukta alkohol av han. Det går vidare fram at fleire pasientar tidlegare på dagen hadde vore misnøgde med korleis legen oppførte seg.

Då saka vart kjend i media, sa Rune Engeset, kommunalsjef i Eid kommune og ansvarleg for den interkommunale legevakta, at legen vart teken ut av vakt med ein gong det vart meldt inn mistanke mot han.

Men no viser det seg at legen ikkje vart teken ut av vakt i det heile, og at det var pleiarar på legevakta som måtte be ein turnuslege på Nordfjord sjukehus om hjelp til å takle pasientar med akutte tilstandar. Engeset tek no sjølvkritikk for måten han tidlegare har uttalt seg til media.

– Vi er klare på at vi ikkje har gjort ein god nok jobb i denne saka. Det er det ikkje det minste tvil om, og vi må bli betre.

–Prøvde de å halde hemmeleg overfor media at den rusa legen ikkje vart teken av vakt med ein gong?

–Nei, det gjorde vi ikkje.

–Kvifor uttalte du deg slik du gjorde første gong du uttalte deg til media?

–No i ettertid ser vi at vi burde uttalt oss annleis. Det tek vi sjølvkritikk for, seier Engeset.

Henta ikkje fram journal

I ei anna avviksmelding går det fram at den danske vikarlegen ikkje tok imot ein psykisk ustabil pasient på ein forsvarleg måte. Pasienten hadde tidlegare på kvelden truga med å hoppe utfor ei bru.

I avviksmeldinga går det fram at legen skal ha snakka berre overfladisk med pasienten, at legen ikkje henta fram journalen til pasienten, og at han sa pasienten berre kunne reise heim igjen.

Ein sjukepleiar var så misnøgd med legen si vurdering at ein turnuslege ved Nordfjord sjukehus vart kontakta. Den kvinnelege turnuslegen skriv mellom anna følgjande:

Tar kontakt med vakthavende legevaktslege for å diskutere pasienten. Merker med en gang kraftig lukt av alkohol fra ånden hans. Synes han virker sløv i blikket og noe irritert. Synes dette er en skremmende opplevelse. Pasientens sikkerhet blir ikke ivaretatt på en forsvarlig måte.

– Gav opp å skaffe annan lege

I og med at ein turnuslege i Helse Førde-systemet måtte inn og hjelpe til med pasientbehandlinga, har også Helse Førde uttalt seg i ei avviksmelding. I denne går det fram at legevaktsjef Trond Inselseth fekk vite om den uhaldbare situasjonen med den rusa legen laurdag kveld i 22-tida.

Inselseth skal ha prøvd å erstatte den rusa legen med ein annan lege, men då han ikkje lukkast i dette, gav han opp, heiter det. Den rusa legen kunne dermed jobbe vidare til han gjekk av vakt kl 09.00 søndag morgon. Engeset legg seg no flat for måten saka har vore handtert på av den interkommunale legevakta.

– Det å uttale seg presist til media i slike saker er ikkje enkelt. Men eg tek sjølvkritikk på måten eg uttalte meg på.