Hopp til innhold

Rusa biltjuv varetektsfengsla i fire veker

Den rusa biltjuven som torsdag kveld køyrde av vegen på E39 i Jølster er varetektsfengsla i fire veker. Mannen er sikta for ei rekkje brotsverk knytt opp til rus.

Fakka rømling på Jølster

GRISEKØYRDE I STOLEN BIL: Mannen i 30-åra gjorde fleire farlege forbikøyringar før turen enda på eit jorde ved E39 i Jølster sist torsdag. No sit mannen bak lås og slå i fire veker.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Mannen i 30-åra stal sist torsdag ein bil utanfor bensinstasjonen Best i Førde sentrum. Deretter la han ut på E39 og skremde livet av ei rekkje bilistar på vegen oppover mot Vassenden i Jølster.

Den hasardiøse køyringa enda til slutt ute på eit jorde, før mannen stakk frå politiet. Etter ein time med leiting fann politiet mannen som vart teken med i drukkenskapsarresten.

Straffesaksansvarleg for politiet i Sunnfjord, Knut Harald Hansen, seier mannen er ein kjenning av politiet. Han er allereie sikta for fleire andre brotsverk, alle knytt opp til rus.

Det var dette som gjorde at politiet fredag bad om fire veker varetekt.

– Mannen er sikta i fleire eldre saker i fylket, og grunnen til at vi ønskte han fengsla hadde bakgrunn i fare for gjentaking av ulike typar kriminalitet, seier Hansen.

Han vil ikkje gå inn i detaljar om kva mannen er sikta for, men seier det i tillegg til bilbrukstjuveriet sist torsdag også er fleire reine russaker, men også saker med vald og trugslar.

Hansen håpar vidare at mannen må møte i retten i løpet av dei neste fire vekene.

– Vi forsøker å etterforske ferdig sakene og om mogleg få sett tidspunkt for ei hovudforhandling i løpet av dei fire vekene hans sit fengsla.

Det ligg an til at mannen må svare for seg i opp mot ti tiltalepunkt. Hansen kan førebels ikkje seie noko om kor lang straff mannen kan vente seg.