NRK Meny
Normal

No skal den verdfulle runesteinen i Sogndal få glasoverbygg som vern

Runesteinen som vart skadd under snørydding vinteren 2012 skal no få glasoverbygg. Riksantikvaren har godkjent dei tiltaka fylkeskommunen vil gjennomføre for å ta vare på steinen.

Runesteinen på Stedje

SKAL FÅ GLASOVERBYGG: Runesteinen på Stedje skal bli ståande der han er - under glas. Biletet vart teke før steinen var ferdig reparert.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Ordførar Jarle Aarvoll i Sogndal er glad for avgjerda.

– Dette var eitt av fleire tiltak som vart vurderte, og dette er nok det beste: At steinen blir godt verna mot vêr og vind, og at han blir verande der han høyrer heime. No kan vi synleggjere steinen på ein veldig god måte.

Runesteinen på Stedje i Sogndal har ei innskrift som truleg er frå rundt 1100. Innskrifta på steinen er tyda til: «Kong Olav skaut mellom desse steinane». Steinen er mellom dei mest verdfulle kulturminna i Sogn og Fjordane og i landet.

Men i den snørike vinteren 2012 skjedde det som ikkje skulle skje. Under snørydding vart ein bit av steinen broten av.

Runestein i glasoverbygg

SLIK SKAL DET BLI: Ei skisse som viser tre ulike glasoverbygg som er aktuelle.

«Distanse som vi må godta»

I oktober i fjor vart steinen reparert, og sidan har han vore dekt med eit mellombels vernebygg i tre. Sogndal kommune vil at det skal byggjast eit glasoverbygg for å hindre framtidige skadar. Mellom anna er det fare for at frostsprenging kan få han til å sprekke opp.

I tillegg skal det leggast ein skiferplatting rundt steinen og eit grøntareal utanfor det igjen. Riksantikvaren meiner glasoverbygget vil gje folk ein distanse til kulturminnet, men at det er noko ein må godta.

«Steinen sin opphavlege plassering i landskapet vil framleis vere muleg å sjå, men opplevinga vil bli forstyrra av det nye. Vi vurderer likevel at tiltaka er heilt naudsynte for å sikre steinen mot framtidige skadar og at den føreslåtte utforminga vil skape ei fin ramme rundt kulturminnet.

Tiltaka kan og bidra til større respekt for kulturminnet. Samla sett vurderer vi dei føreslåtte tilretteleggingstiltaka som gode.»

Stein Bondevik med runesteinen i Sogndal.

- DETTE BLIR BRA: Stein Bondevik er glad for at runesteinen blir verande på Stedje.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

– Viktig at han blir verande

Stein Bondevik var mellom dei som engasjerte seg då steinen vart øydelagd av snøryddingsarbeid. Han er nøgd med at det no er avgjort at runesteinen skal bli verna med eit glasoverbygg.

– Dette blir bra. Noko måtte gjerast med steinen, for han hadde fått sprekker som med vêr og vind ville ha utvikla seg over tid. Å få eit overbygg som hindrar at regnvatn trengjer ned i sprekkene må vi godta for å kunne behalde steinen.

Det har vore vurdert å flytte steinen til eit museum. Bondevik er glad for at det no ikkje blir aktuelt.

– Det er veldig viktig at han blir verande ved Stedje kyrkje der han opphaveleg vart sett. Det er viktig å ta vare på den historiske samanhengen. Dette er ein av dei få steinane frå den aktuelle tidsperioden med runeinnskrift. Det er ein unik stein også i nasjonal samanheng.

Jarle Aarvoll

- DET BESTE TILTAKET: Ordførar Jarle Aarvoll er glad for avgjerda til Riksantikvaren.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

Ordførar Jarle Aarvoll kan ikkje seie når arbeidet med glasoverbygg kan ta til.

– Vi har nett fått svaret frå Riksantikvaren, så må vi ha ein dialog med kulturavdelinga i fylkeskommunen, så må det planleggast, arbeidet må ut på anbod.

– Akkurat no kan eg ikkje seie kor lang tid dette tek, men steinen er mellombels sikra.

– Betre enn før

I tillegg til sjølve glasoverbygget skal det settast opp eit informasjonsskilt, og det skal bli eit grøntareal rundt steinen, og ordføraren meiner at heile området vil framstå som endå betre enn det var før skaden skjedde vinteren 2012.

I brevet frå Riksantikvaren står det at dersom gravearbeidet skulle føre til at det blir oppdaga til no ukjende kulturminne innanfor sikringssona, så må arbeidet straks bli stansa.

Riksantikvaren har løyvd 157.900 kroner til arbeidet.

Runesteinen på Stedje

SLIK VAR DET: Dette biletet av runesteinen på Stedje vart teke før steinen vart skadd vinteren 2012.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK