NRK Meny

Ruben Holsæter til Førde IL Fotball

Ruben Holsæter har signert kontrakt på to år med Førde IL Fotball. Han har spelt for Førde tidlegare, men skreiv kontrakt med Sogndal i 2011 og har vore der sidan. – Holsæter vil vere sentral i profilen vår med sterkare lokal identitet, seier sportsleg leiar i Førde IL Fotball, Johan Pettersen.

Ruben Holsæter
Foto: Arne Stubhaug / NRK