– Det er jungelens lov der dei største vinn, seier Oldeide. Han meiner at dei store taparane var dei minste båtane. Årsaka er at dei store båtane leigde kvotar av båtar som vanlegvis ikkje fiskar sild.
Milliardverdi
Når fiskarane går ut for å hente inn den norske vårgytande silda så handlar det om svære pengar. Heile den norske kvoten er på 470 000 tonn. Verdien varierer etter prisane, men ligg på godt over ein millard kroner.
Kystfiskarane – gruppa til Stig Oldeide – har under halvparten av kvoten, men kappast om å fiske opp sild for mellom fem og seks hundre millionar kroner.
Leiger kvotar
Båtane i kystgruppa har kvar sin kvote. Men viss vi reknar saman kvotane til kvar enkelt båt, så blir summen langt større enn dei har lov å fiske til saman. I praksis betyr det at båtar som ikkje kjem seg ut tidsnok kan oppleve at andre båtar har fiska opp kvoten før dei kjem i gang.
Ein del båtar har kvotar som dei vanlegvis ikkje brukar. Frå i år av hadde andre sjanse til å leige desse kvotane. Ifølgje Oldeide så har det gjort situasjonen langt verre enn tidlegare.
Vil endre reglane
Norges Sildesalgslag opplyser at årets fiske ikkje har ført til lågare prisar enn i fjor, men stadfestar at kvotane til kystfiskarane er fiska opp raskare enn nokon sinne. Informasjonssjef Knut Arne Høyvik i Norges Fiskarlag seier at han godt forstår argumentasjonen til Oldeide. Fiskarlaget vil no ta initiativ for å endre reglane.