Hopp til innhold

Rosa Askeladdar frå Stryn til USA

Moods of Norway opnar butikk i Los Angeles og blir TV-serie i USA.

Moods of Norway. Frå venstre Stefan Dahlkvist, Siri Hveem og Simen Staalnacke.

Moods of Norway. Frå venstre Stefan Dahlkvist, Siri Hveem og Simen Staalnacke.

Foto: Kåre Tonning, Stryn

No satsar klesdesignarane frå vesle Stryn på ei karriere som realitykjendisar.

- Vi blir som rosa askeladdar, ler Simen Staalnacke , dagleg leiar for Moods of Norway.

Verdas største

Det er Dagbladet som i dag fortel om designarane som no pakkar sysakene sine og flyttar til sjølvaste Hollywood. Men Staalnacke forsikrar at Stryn framleis vil spele ei sentral rolle for Moods.

- Vi vil alltid ha hovudkontor i fagre Stryn, men vi er no signerte av eit veldig stort management, CAA. Det er dei som byggjer opp dei største merkevarene i verda. Samstundes som vi opnar butikk i Los Angeles skal det spelast inn TV-serie om oss, seier han til NRK.

Filmar i Stryn

- Vi har tenkt internasjonalt sidan vi starta opp og då gjerne den amerikanske marknaden. No har vi endeleg fått veldig store støttespelarar som gjer at det kan realiserast. Når du har verdas største management i ryggen, som vil og kan nå ut gjennom veldig mange kanalar, så er det større sjanse for å få ut den glade bodskapen; Moods of Norway, seier Staalnacke.

TV-serien om Moods skal også filmast i Stryn. Staalnacke trur serien vil vere god reklame både for Stryn og Moods.

Inspirert av nordmenn

- Eg trur Moods vil vekse i alle krinklar og krokar. Serien handlar om det europeiske designmerket som prøver lukka i USA, seier han og vedgår at kan minne om eit meir moderne eventyr om Askeladden. Moods of Norway arbeider no med neste vinters kolleksjon, samt med planane om ny butikk i Bergen. Kolleksjonen blir den første dei presenterer i USA.

- Den er litt inspirert av historiske nordmenn som har prøvd lukka i verda, røper Staalnacke.