Hopp til innhold

Ronny skal turnere i ein folkevognbuss

I årets Sommeråpent på NRK1 blir det direkteinnslag frå tre stader i Sogn og Fjordane. Ronny Brede Aase, kjend frå P3, er reporter.

Sommeråpent - bilreporterar

KJEM TIL SOGN OG FJORDANE: Ronny Brede Aase saman med dei fem andre bilreporterane, Olav Viksmo Slettan, Nora Thorp Bjørnstad, Magnus Brenna Lund, Ida Nysæther Rasch og Pål Plassen.

Foto: NRK

Innslaga frå Sogn og Fjordane kjem alt i den første sendeveka til Sommeråpent. Onsdag 9. juli er Ronny Brede Aase på plass i Stryn, dagen etter i Jølster og fredag 11. juli i Lærdal.

– Eg gler meg veldig. Eg sa ja til å vere med på dette mest fordi eg ikkje har røynsle med å rapportere direkte på fjernsyn. Dette må eg berre bli med på, det er nye utfordringar, og så likar eg å vere på reise.

Han blir såkalla bilreporter. I ein folkevognbuss frå 1960-talet legg teamet hans ut på vegen. Første stopp er jordbærbygda Valldal på Sunnmøre måndag 8. juli, før turen går gjennom Sogn og Fjordane og endar på Voss fredag 12. juli.

Ronny Brede Aase

GLER SEG: Ronny Brede Aase.

Foto: Brit Jorunn Svanes / NRK

Open for innspel

Kva dei skal presente på dei ulike plassane er enno ikkje klart.

– Eg har ikkje fått tenkt så mykje på det enno. Men vi skal prøve å finne på noko hyggeleg iallfall. Vi må finne noko bra å presentere, noko som er litt utanom dei vanlege turisttinga.

Ronny Brede Aase seier han er open for innspel frå folk i Stryn, Jølster og Lærdal.

– Berre send ein e-post til ronny.brede.aase@nrk.no om de kjem på noko de meiner vi burde få med oss.

Han fortel at han skal inn direkte eit par gonger i løpet av kvar sending, og i tillegg skal det lagast eit videopostkort frå kvar av stadene dei stansar.

Programleiar for Sommeråpent den veka Ronny er reporter er Nadia Hasnanoui, med base på Operataket i Oslo.

Og for dei som lurer: Ronny har ikkje førarkort og skal ikkje sitte bak rattet på folkevognbussen.

– Eg blir passasjer, og det passar meg godt. Då kan eg nyte utsynet medan andre tek køyrejobben.

Seks programleiarar, seks reporterar

Veka etter er det Haddy N´Jie som er programleiar, medan Ida Nysæther Rasch er bilreporter i Sauda, Hovden, Bø, Kongsberg og Lardal.

I veke 30 er Atle Bjurstrøm på plass på Operataket, og Nora Thorp Bjørnstad rapporterer frå Ørje, Prøysenhuset, Helgøya, Fagernes og Gjendesheim.

Så kjem turen til Anne Rimmen som programleiar og Olav Viksmo Slettan som bilreporter i Oppdal, Røros, Selbu, Stjørdal og Snåsa.

I veke 32 vil TV-veteranen Dan Børge Akerø styre skuta frå Operataket, og Pål Plassen tek landevegen fatt og vitjar Kjøpsfjord, Bjerkvik, Setermoen, Rostavatn og Birtavarre.

I den siste sendeveka er Tore Strømøy programleiar med Magnus Brenna Lund som bilreporter. Han er innom Alta, Kautokeino, Karasjok, Tana og Utsjok (i Finland).

Sommeråpent 2014

Programleiarane for Sommeråpent: Frå v. Tore Strømøy, Dan Børge Akerø, Anne Rimmen, Atle Bjurstrøm, Haddy N'jie og Nadia Hasnaoui.

Foto: Anne Liv Ekroll / Anne Liv Ekroll, NRK