Hopp til innhold

Roleg natt for politiet

Den siste fredagsnatta i mai ser ut til å ha gått forholdsvis roleg for seg i heile fylket. Politiet har i alle fall ikkje hatt altfor mykje å gjere på i natt.

Politi-illustrasjon
Foto: Lien, Kyrre / SCANPIX

– Det har vore ei ganske roleg natt, ja. Ikkje så veldig mange episodar å melde frå om, seier vakta ved operasjonssentralen i Florø.

Nokre ting har likevel skjedd i løpet av kvelden og natta.

I Florø sentrum kom politiet over to vaksne personar som krangla veldig utanfor ein utestad. Dei to fekk beskjed om å gå heim, og det skal ha løyst seg greitt.

Like etter midnatt vart politiet også nøydde til å gje beskjed til festdeltakarar i Høyanger om at dei måtte dempe seg. Det var etter at det hadde kome inn klagar på høglydt festing i det aktuelle lokalet.

Elles hadde utrykkingspolitiet ein fartskontroll rundt klokka tolv i natt, og der enda det mellom anna med ein person mista førarkortet sitt etter å ha køyrd i 137 kilometer i timen, i 80-sona. Ein bilførar fekk også gebyr for å køyre med slitne dekk.

Ein fartskontroll på Hafslo gjekk rolegare føre seg, der var høgste fart 90km/t i 80-sona, noko som enda i eit forenkla førelegg.